Meny
Velg seksjon Rådgjevar
Hauso skule 5777 Grimo
Telefon: 53666213 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Norheim
Skuleruta for Ullensvang
Skulerute 2019/2020
For tilsette ved Hauso skule
Pålogging til heimesida
Visma
Elevmiljø
Nullmobbing.no
Me får ikkje gjennomført arbeidsveka som planlagt no i vår. Elevane skal få ta arbeidsveka til hausten, når dei har begynt i 10. klasse. Me satsar på å få gjennomført den før haustferien. Elevane kan gjerne tenkja ut kor dei ynskjer å vera og sondera litt med arbeidsgjevar. Me kjem til å snakka meir om dette og ordna det formelle ved skulestart til hausten :)

Fredag 10. januar 2020 skal 8. klasse jobbskygga. Då skal eleven vera med ein vaksen på jobb, for å sjå korleis det er i arbeidslivet. Hugs lever lappen med kor du skal vera den dagen til Sigrid Elisabeth på fredag :)

Odda vgs og opplæringskontoret for Indre Hardanger har informasjonsmøte for elevar og føresatte onsdag 13. november kl 1800 på Hauso skule. Dei informerer og deretter kan de spørja alt de vil om vidaregåande opplæring. Alle er velkomne!

10. klasse skal hospitera ved Odda vgs onsdag 6. november. Elevane har sjølve valt kva utdanningsprogram dei vil vera på den dagen. Ved Odda vgs har dei desse utdanningsprogramma: bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, idrettsfag og studiespesialiserande. Elevane fylgjer bussen som går frå Utne kl 0705 og tilbake går bussen frå vgs kl 1505. Lykke til!