Meny
Vel avdeling/klasse: Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. trinn
9. klasse
10. trinn
Det er 12 dokumenter i arkivet.
Gå til Its Learning
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2019><<
desember 2019
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Valfag på ungdomsskulen

Hjelmeland ungdomsskule tilbyr følgjande valfag i skuleåret 2019/2020:

DESIGN OG REDESIGN: 

Samfunnet er avhengig av kreative og innovative samfunnsborgarar som omsetter idear til nye produkt og virksomheter. Det å benytte og vidareutvikle forkasta produkt og materiale kan bidra til å skape forståing for at det vi omgir oss med har ein verdi. Dette bidreg til å utvikle miljøbevissthet ved å rette søkelyset mot den enkelte si rolle i forbrukarsamfunnet lokalt og globalt.

Valfaget design og redesign skal leggje til rette for at elevane får utvikle kreativitet, skaparglede og meistring, og at handverk og kulturarv ivaretakast. Dette skjer gjennom ein designprosess der praktiske løysingar fra idé til ferdig produkt står sentralt. Arbeidet innebærer å planlegge, designe og framstille eit produkt ut i frå eigne idear eller i samarbeid med andre. Der det er hensiktsmessig kan samarbeid med lokalt næringsliv opne opp for større forståing for ulike yrker, og auke elevane si interesse for verdiskaping i lokalsamfunnet. Valfaget henter hovudelement fra kunst og handverk/duodji og samfunnsfag.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

FYSISK AKTIVITET OG HELSE:

Opplæring i valfaget fysisk aktivitet og helse skal bidra til bedre helse og trivsel for den enkelte elev. Elevane skal kunne delta i varierte aktivitetar som er eigna til å motivere den enkelte. I valfaget skal elevane få innsikt i betydninga av god balanse mellom energiinntak og energiforbruk. Opplæringa skal også bidra til å utvikle kunnskap og evne til å vurdere kosthaldsråd og anbefalingar som er knytt til dagleg fysisk aktivitet.

Ulike fysiske aktivitetar står sentralt i faget. Tradisjonelle lagidrettar, individuelle idretts- og treningsaktivitetar, alternative treningsformer og friluftsliv er alle element som kan trekkast inn i opplæringa for å gi elevane fysiske utfordringar og positive opplevelsar. Opplæring skal ha fokus på bevegelsesglede, mestring, nysgjerrighet og samarbeid og derved motivere til fysisk aktivitet, og utanfor skulen. Aktivitetar som involverer elevane i planlegginga og tilpassast deira forutsetninger, skal bidra til å styrke dette formålet. Opplæringa skal og legge til rette for at elevane får kunnskaper som bidrar til å utvikle sunne og gode matvaner.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

MEDIER OG INFORMASJON:

  Bruk av digitale verktøy og medier til kommunikasjon og utveksling av informasjon er ei nødvendig forutsetning for å oppretthalde viktige funksjonar i samfunnet. Redaksjonelle tekster eksisterer side om side med ulike typar publiserte ytringar og disse knyttast ofte saman gjennom sosiale medier. Ved bruk av digitale medier har vi mulighet til å tileigne oss informasjon, ytre oss, påvirke og få respons, og derved bruke den ytringsfriheten eit demokrati gjer oss.

Valfaget skal bidra til at elevane får erfaring med og innsikt i korleis vi aktivt kan ta i bruk informasjonsteknologi i kvardagen. Faget skal styrke elevane sine formidlingsferdigheter og gje kunnskap om lovverk knytta til publisering. Å vurdere etiske problemstillinger og tenke kritisk er ein del av faget. Ved at elevane får velje spesialisering innen ulike sider ved produksjonen skal valfaget legge til rette for mestringsopplevelser og motivere for læring. Elevane skal planlegge og produsere en nettbasert publikasjon der prosessen fra ide til ferdig produkt er ivaretatt. Innholdet som blir produsert kan ha fokus på aktiviteter som skjer i skulen og elevane sitt nærmiljø, slik at føresette og andre målgrupper får innblikk i elevane sitt læringsarbeid og sosiale aktiviteter.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

NATUR, MILJØ OG FRILUFTSLIV:

  I valfaget natur, miljø og friluftsliv deltar elevane i aktiviteter knytt til friluftsliv eller naturbruk som gjer opplevelser, og som kan lære dei å bruke naturen på en hensiktsmessig måte. Faget skal legge til rette for at elevane får bruke sansane, får stimulert nysgjerrigheten og blir glad i naturen. Dei skal og lære å tolke tegn i naturen. Val av varierte læringsarenaer og metodar skal gje elevane mulighet til å arbeide praktisk med klima- og miljøspørsmål og til å engasjere dei i spørsmål om bærekraftig utvikling. Elevane må kjenne til korleis dei bør handle lokalt for eventuelt å kunne sjå klima- og miljøspørsmål i en global samanheng. Valfaget vil kunne gje elevane viktig innsikt ved at dei lærer å finne informasjon hos organisasjonar fra inn- og utland. Valfaget henter hovudelement fra naturfag, samfunnsfag og kroppsøving, men kan og hente element fra mat og helse, RLE, musikk og kunst og håndverk/duodji.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

PROGRAMMERING:

Valfaget programmering handlar om å lage programkode, det vil seie eit sett med reglar og uttrykk for å styre digitale enheter. I dette inngår prosessen frå å identifisere problem og utforme moglege løysingar, til å lage kode som kan forståast av ei datamaskin, systematisk feilsøke og forbedre denne koden, og dokumentere løysinga på en forståeleg måte. Det omfattar alle nivå frå å forutsjå og analysere kva eit program skal gjere, til å kjenne igjen mønster, eksperimentere og evaluere moglege løysingar, og samarbeide med andre. Summen av disse ferdighetene kallast algoritmisk tankegang.Opplæringa skal leggje til rette for at elevane lærer å løyse problem på nye måtar. Elevane skal få muligheten til å utvikle sin kreativitet og skape produkter ved hjelp av programmering. Gjennom å lage programmer oppøver elevene også ferdigheter i å vurdere eige og andre sitt arbeid, gje konstruktiv tilbakemelding og samarbeide med andre. Å skape og produsere digitalt, krever forståelse og kompetanse i programmering.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

REISELIV:

Valfaget skal medverke til at elevane får kunnskap om sentrale reisemål lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Elevane skal kunne nytte informasjon frå ulike reiseaktørar lokalt og nasjonalt. Valfaget skal òg vere med på å gje innsikt i kulturelle særtrekk og levesett ved eigne og andre sine kulturar. Vidare skal elevane kunne presentere ulike reisemål og kostnader ved ulike reiser og reisemåtar.

Valfaget handlar om å planleggje og presentere ferie- og fritidsopplegg og reisemål i inn- og utland for ulike målgrupper. Bruk av engelsk og/eller andre framandspråk i arbeidet med innhenting av informasjon og/eller i presentasjonen er sentralt i faget. Berekning av kostnader ved reisa i ulike valutaer kan høyre med. Opplæringa skal vere praktisk innretta, og bruk av alternative læringsarenaer og samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunnet er ein del av opplæringa, når det er naturleg.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

SAL OG SCENE:

 Valfaget sal og scene skal bidra til å fremje toleranse og tillit gjennom skapande samhandling. Elevane skal oppdage og utforske sine kreative evner fra idé til praktisk gjennomføring og formidling. Valfaget omfattar forskjellige arbeidsoppgaver i de ulike fasene i eit produksjonsarbeid. Dette innebærer samarbeid om planlegging, forberedelser og gjennomføring, både bak og på scenen.

I arbeidet med valfaget skal elevene gjennom praktiske prosesser skape og formidle ulike audiovisuelle eller sceniske uttrykk og produksjonar. I sceniske produksjonar kan elevene arbeide med musikal, teater, dans, standup, kabaret, performance, konsert, sirkus, revy og andre sceniske uttrykk. Dei kan og fordjupe seg innanfor eit avgrensa område. I audiovisuelle produksjonar kan arbeidet omfatte alle former for lyd og musikk i samspel med ulike visuelle framstillingar som film, installasjonar og andre multimediaproduksjonar. Elevane skal velje ulike arbeidsoppgaver og samarbeide om produksjonen. Ved at elevane får velje spesialisering innan ulike sider ved produksjonen, skal valfaget leggje til rette for mestringsopplevelser og motivere for læring. Der det er hensiktsmessig, kan det leggast til rette for samarbeid med den lokale kulturskulen.

Sjå heile læreplanen hos Utdanningsdirektoratet

 

Kjelde: Utdanningsdirektoratet