Time kommune har gjort ei ny vurdering av vegane inn til Hognestad skule.
Levekår
i Time har vedteke at dei som må bruka dei røde vegane for å koma til skulen,
kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss på grunn av
veglengda.
I opplæringsloven § 7-1 står det om skyss i grunnskulen.
Elevar i 2.-10. årstrinn
som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For
elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg
eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.
Time
kommune har gjort ei ny vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule
og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast
på for mjuke trafikkantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne og og dei
som ikkje er trygg røde. Levekår i Time har vedteke at dei som må bruka dei
røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje
har krav på skyss på grunn av veglengda.
Dei
som må nytta dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja skulen sin om
skyss på grunn av farleg skuleveg.
De
finn søknadsskjema og kart under fana vedlegg.