Meny
Velg seksjon Framside
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Kva kan du forventa av skulen når eleven er heime?

Elevane har rett til opplæring. Skulen er i ein krevjande situasjon med fråvære blant elevar og tilsette grunna Covid-19. Organiseringa av opplæringa kan derfor verta gitt på ulike måtar ut frå kapasitet og tilgjengelege lærarar. Dersom elevane ikkje kan få opplæringa på skulen skal me ut frå føresetnadane legga til rette slik at eleven i størst mogleg grad får delteke i opplæringa. Det kan vera ulike årsaker til at eleven ikkje kan gå på skulen. Dette er avgjerande for kva krav ein har på opplæring heime.

Fråvære inntil ei veke:
Veke- og arbeidsplanar vil alltid vera tilgjengelege på Showbie og/eller trinnet si side på heimesida. Dette medfører at elevar som har fråvære grunna milde symptom, og som ville ha gått på skulen til vanleg, kan gjera oppgåvene i fag dei skulle hatt dei dagane dei er borte.

Unntak:
For elevar som har legeerklæring og må vera heime grunna nær familie som er i risiko, eller at dei sjølve er i risiko vert det gjort eigne avtalar uavhengig av kor lenge dei er borte.

Fråvære ut over ei veke:
Årsaker til langvarig fråvære kan vera: -milde symptom og sjukdomskjensle -langvarig fråvære på grunn av karantene eller isolasjon -nær familie er i risiko, eller sjølv er i risikogruppa -skulen har stengt eller redusert skulekvardag grunna smitteverntiltak Når fråværet strekk seg ut over ei veke vil det verta avtalt ein plan for kontakt, og opplæring med skulen via Teams på 4.-10. trinn. På 1.-4. trinn vert det teke kontakt via telefon og/eller andre digitale medium.