Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Foreldreundersøkinga 2017

Til dei føresette – Foreldreundersøkinga 2017  

Kvar haust gjennomfører vi Foreldreundersøkinga, og no er det igjen tid for det.

Foreldreundersøkinga gjev skulen verdifull tilbakemelding om korleis dei føresette opplever skulen, og difor så håpar vi at du tek deg tid til å delta.

Fau har i år valgt ut spørsmåla i foreldreundersøkinga i saman med rektor.

Undersøkinga er digital, og du treng Internett for å svare. Det er mange spørsmål, så det tek litt tid å fullføre alle, men vi håper likevel på at du set av denne tida. Vi vil òg at du deltek sjølv om du stort sett er fornøyd med skulen, då det òg er verdifull informasjon for oss å få. Svara bruker vi uansett til å strekke oss og bli betre.

Dersom nokon ønsker å kome til skulen og låne ein pc for å delta, så vil vi legge til rette for det.

Dersom du har fleire born på skulen, så kan du svare ein gong pr. elev, evt. båe føresette kan svare. Det kan jo vere ulikt korleis du opplever skulen ut frå dei einskilde borna sin skulesituasjon, og difor er det mogleg å svare fleire gonger i så tilfelle.

Takk for at du deltek!  

Mvh Arvid Strand rektor    

Frist for å delta i undersøkinga: Onsdag 29. november