Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Kartleggingsprøvar våren 2019

Kartleggingsprøver våren 2019.

På Høle Barne- og Ungdomsskule bruker vi kvart år kartleggingsprøver i lesing, rekning, engelsk og digitale ferdigheiter. Kartleggingsprøvane er i 1-4 klasse og blir gjennomført i perioden 18. mars til 12. april.

 

Under formålet med kartleggingsprøvane kan du lese kva Utdanningsdirektoratet skriv, eller du kan lese meir om prøvane med å følgje lenka du finn her.

Kva bruker vi resultata til på skulen vår?

Vi ønsker å hjelpe elevane så tidleg som mogleg. Ser vi at elevar presterer på eller under det som blir kalla «bekymringsgrensa», skal eleven og heimen bli kontakta og tiltak bli sett i gang. Vi opplever at vi hjelper eleven best i samarbeid med heimen. Det kan vere tiltak som å lese litt ekstra, øve på bestemte områder i matematikk, trene på ulike program eller delta på intensiv opplæring innan lesing eller rekning.  I alle tiltaka ser vi kor viktig der er å trene både på skulen og heime.  Mindre tiltak avtalast gjerne via ein telefon til heimen, større tiltak som lesekurs får ein skriftleg tilbod om. Når eleven får ekstra hjelp, ser vi også korleis heimen er med og forsterkar eleven sin motivasjon med å hjelpe eleven heime og med å omtale hjelpetiltaket positivt. Det er også å anbefale at begge føresette, anten samtidig eller på skift, hjelper eleven med denne ekstra treninga.

Har du spørsmål om kartleggingsprøvane? Ta kontakt med klassestyrar eller ein av oss. Med det ønsker vi alle lykke til på kartleggingsprøvane og med oppfølginga av dei.  

Arvid Strand, rektor. Anne Liv Eidevik, spes.ped.koordinator.

 

Utdanningsdirektoratet om «Formålet med kartleggingsprøvene»

Kartleggingsprøvene i lesing, rekning, engelsk og digitale ferdigheiter på 1.-4. trinn, er laga for å finne elevar som treng ekstra oppfølging. Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilretteleggi nga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet. Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er rundt eller under ei definert bekymringsgrense. Kartleggingsprøvene består av mange lette oppgåver. Derfor gir prøvene lite informasjon om elevane som får til alle eller nesten alle oppgåvene. Elevar som har alt rett eller nesten alt rett, er ikkje nødvendigvis spesielt flinke elevar. Derimot treng elevane som hamnar under bekymringsgrensa, ekstra tilrettelegging.