Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Barnehage
Økstrafjordvegen 64 4234 Jelsa
Telefon: 52790350/52790355 Send e-post til oss
Redaktør: Karin Søndenaa Nessa
Det er 23 dokumenter i arkivet.
Gå til Its Learning
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Steinsamling på Norsk Stein

5. - 7. klasse har hatt mineral og bergartar som tema på skulen. I samband med dette besøkte me Norsk Stein og fekk sjå og læra meir om stein.

Klassen hadde på førehand arbeidd med stein som tema i nokre veker. Elevane hadde laga kvar sin steinsamling og funne namn på ein del bergarter og mineral, men det var også nokre av steinane me ikkje hadde klart å bestemma. Alle hadde difor steinsamlingane sine med då me drog på bedriftsbesøk. Me vart møtte av Siv, som jobbar som bergverksingeniør. Ho kunne fortelja mykje om stein, og ho gjekk gjennom alle steinsamlingane saman med elevane og hjelpe oss med å finna ut kva steinane heitte. Etterpå tok ho oss med på visning rundt i bruddet, og der fann me steinslag som me ikkje hadde frå før.

Eit høgdepunkt var då me fekk bli med i kantina til Norsk Stein og eta lunsj saman med dei tilsette. Maten var kjempegod, og elevane storkoste seg.