Meny
Velg seksjon Framside
Eidsv. 7 4230 Sand
Telefon: 52 79 22 00
Redaktør: Mirela L. Moe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Referat frå møtet i kommunalt foreldreutval i Suldal (KFU) 14.desember 2020

Referat frå møtet i kommunalt foreldreutval i Suldal (KFU) 14.desember 2020

Møtet blei avvikla som ein kombinasjon av fysisk frammøte på Garaneset og på Teams.Desse deltok digitalt:

Judith Litlehamar Sørhus Litlehamar (nestleiar i  FAU på Vinjar), Bente Tednes Gjil (leiar i FAU i Erfjord) , Lars Ove Fjetland (leiar i FAU på Marvik) , Harald Bjerga Hagen (nestleiar FAU på Jelsa), Helga Nessa (Leiar i FAU på Jelsa) og Olav Lindseth (Leiar i FAU på Nesflaten.

Desse møtte på Sand: Alf Aadnøy (Leiar i FAU på ungdomstrinnet), Elin Sørestad (leiar i FAU på Vinjar), Maria Klungtveit (Nestleiar i FAU på ungdomstrinnet) og Heidi Hjorteland Wigestrand (Leiar i FAU på Sand/barnetrinnet.)

Agenda:Oppsummering frå sist møte:Smartklokker er no forbodne på alle skulane i Suldal. Kommunen vil laga ei ny brukarundersøking for SFO i 2021, og oppvekstsjefen har signalisert at ein ønsker å samarbeida med Suldal KFU i arbeidet med denne.

Svømming: Medlemmene i KFU meiner det er for lite at 1. og 2- klassingane berre får bada totalt 14 gonger (sju per skuleår) i løpet av to år.  Me meiner dette blir for dårleg tid til å læra seg det som krevst for å bli svømmedyktig og  reagerer på at tilbodet for barn i grendene ikkje er blitt betre enn då barna bada på Rygjatun.  Det er eit paradoks at ikkje alle barna i kommunen får nyta godt av det flotte nye anlegget til Suldal Bad. Nå er forskjellen stor, og det må takast grep, slik at barna i grendene også får meir symjeopplæring. Likebehandling er viktig, og heile KFU meiner at kommunen bør leggja ekstra pengar i potten slik at alle elevane får eit nokolunde likeverdig tilbod.Argument om at det vil ta for mykje tid frå dei andre faga om ein badar meir, bør ein ta med ei klype salt, for elevane har gått i månadsvis utan bading i det heile, så då må dei ha fått for mange timar i andre fag i denne perioden.

Rektor-situasjonen i Suldal: Kvifor er det så stor gjennomtrekk av rektorar i kommunen? Er det arbeidspresset eller er skulane rigga feil?Leiar i KFU Alf Aadnøy og nestleiar Maria Klungtveit møtte oppvekstsjefen for å finne meir ut av dette. Ho kunne fortelje at rektor-oppseiingane på Vinjar og i Erfjord er uavhengige av einannan, og finn ikkje haldepunkt for at det har noko med organiseringa å gjere. Oppvekstsjefen la likevel ikkje skjul på at å vera rektor til tider kan vera svært krevjande, men at hennar inntrykk er at det vekslar mellom intense og meir rolege fasar.Ved Vinjar er det nå oppretta ei 40 prosent stilling som inspektør for å avlasta rektor, men det er eit paradoks at Sand skule (barnetrinnet) har ein inspektør i full stilling, mens Vinjar som berre har 16 færre barn, må nøya seg med ein inspektør i 40 prosent stilling.Det kom fram at på grunn av ein rektor store arbeidspress bør også Erfjord skule få ein inspektør i minst 20 prosent. Å vera leiar åleine er tøft, spesielt om ein bur i same bygda der ein jobbar, blei det sagt på møtet.Det blei også spela inn eit forslag om at alle skulane i Suldal skal få sosiallærar (ved å plussa på budsjetta, ikkje ved å omfordela eksisterande stillingar) Dette er ikkje eit krav på 1-7. skular, men Suldal KFU meiner dette likevel kunne prøvast. Det ville avlasta rektor og hjelpt på det psykososiale miljøet.På møtet kom det fram at rektorstillinga er mykje meir krevjande enn for nokre år tilbake, kor rektor mellom anna har budsjettansvar, i tillegg til personalansvar og elevansvar. KFU meiner det må kunna stillast spørsmål  ved strukturen eller arbeidsmiljøet på dei skulane der gjennomtrekken har vore stor.Me meiner noko skurrar og at ein må tenkje heilskapeleg om leiarskap i Suldal kommune. Nesflaten har til dømes hatt seks rektorar på kort tid. Me reknar ikkje med det vil væra enkelt å få ut den fulle og heile sanninga om rektorsituasjonen, men me må kunna spørja kvifor Suldal har større utskifting av rektorar, enn til dømes Hjelmeland og Vindafjord.

Suldalsskulen:

Det blei også drøfta om kommunen driv meir brannsløkking på enkeltskular i staden for å lage ein heilskap rundt Suldalsskulen. Det blir snakka fint Suldalsskulen, men KFU fryktar at det blir jobba mykje på sju isolerte tuer. Det er viktig å våga og finna ut av kvifor rektorane sluttar, meiner KFU, og håpar kommunen kan lage ei kartlegging blant leiarane sine for å finna ut kvar skoen trykker. Ein vil også spela inn ønske om ein meir heilskapeleg og langsiktig skulepolitikk i kommunen.Eit mål er p sikta oss inn til første tertiærrapport rundt mai med budsjettinnspela våre.

Eventuelt: Ulik bruk av læringsbrett og andre digitale verktøy: Det blei også ein liten runde på bruk av læringsbrett. KFU-medlemmene opplever at bruken av desse varierer mellom skulane.  Me har fått inntrykk av at ved somme skular brukar ein  brettet til så å seie alt, og driv nesten ikkje med handskrift, medan andre kombinerer brett med vanlege bøker som elevane skriv i.Det blei påpeika at den digitale undervisninga er både spanande og utfordrande og sikkert litt skummel på same tid. På Nesflaten testar dei mellom anna ut Minecraft i undervisninga, noko som sikkert fungerer bra for somme elevar, men som ikkje er like greitt for andre. Ei utfordringer at lærarane har mindre kunnskap enn elevane om dei digitale verktøya.Me har fått opplyst at det skal på plass ei halv stilling som skal hjelpa lærarane og skulane i den digitale undervisninga, noko KFU stiller seg undrande til om kan vera nok, fordelt på sju skular?

Det blei også etterlyst felles retningslinjer for bruken av Teams. På Jelsa har ein opplevd at elevar lagar grupper, med det resultat at nokon føler seg ekskluderte. Me ønsker tydelegare og felles reglar for bruk av digitale verktøy som både Teams og nettbrett.På møtet kom det fram at  ein opplever stor forskjell mellom kor gira den enkelte lærar er på å bruka nettbrett i undervisninga.

Overgang barnehage skule, barneskule ungdomsskule Elles registrerer KFAU at det er sett av pengar i budsjettet til å få overgangen mellom barnehage og første klasse smidigare for barna i Suldal. Det skal også arbeidast meir med å sikra ein god overgang frå barneskule til felles ungdomsskule, gjennom bli-kjent-tilstellingar i god tid før ungdomsskulen byrjar. Årets start på ungdomsskulen gjekk veldig bra, ifølge rektor på Sand skule. Årsaka er truleg at elevane på grunn av smittesituasjonen har vore haldne i mindre grupper, noko som gav ein mjukare start.KFU ønsker heile tida å ha tett dialog med oppvekstsjefen som var invitert til dagens møte, men ikkje kunne komma. Me vil også halde politikarane i Levekårsutvalet informerte om kva saker me arbeider med.KFU fekk i sitt møte med oppvekstsjefen høyre om eit barne-og familieteam som skal arbeide på tvers mellom skulane. Ifølge opplysningar KFU har fått er ikkje dette teamet i drift ennå.

Ny læreplan: Korleis blir det jobba med den nye læreplanen?Me ønsker også å finna ut meir om korleis det blir jobba med den nye læreplanen på skulane rundt om kring, og vil gjennom dei  lokale FAU få eit innblikk i det. Satsar skulane ulikt og greie elevane å nå læremåla innan IKT, til dømes?

Beredskapsplanar for ras og skule? KFU ønsker også  å retta merksemda mot beredskapsplanar i tilfelle ras. Har kommunen ein plan for korleis ein skal ivareta elevar som etter eit større ras ikkje kjem seg på skulen på fleire dagar? Det ville vore interessant å få vite meir korleis kommunen tenkjer om dette.

Kven les KFU-referata? Eit medlem lurer på kor møtereferata frå KFU hamnar. Vedkomande  har vore med i KFU i fleire år og fortel at  ein kvart år diskuterer dei same tema. Ein hamnar alltid tilbake til start, er inntrykket.Me vil sende referatet til alle FAU-leiarane som igjen syter for at det kjem ut til alle foreldre ved dei enkelte skulane. Me vil også sende referatet til alle politikarane i Levekårsutvalet, samt til Oppvekstsjefen.Referatet blir også lagt ut på nettsida til det kommunale foreldreutvalet i Suldal kommune. Lenke her, https://www.minskole.no/kfau

Neste møte i KFU Suldal blir 20. januar 2021 frå kl. 18.00 til 1930. Det blir lagt opp til at nokre møter opp på Garaneset, dei andre deltek via Teams.

Heidi Hjorteland Wigestrand (skrivar)

Alf Aadnøy (leiar)