Meny
Velg seksjon Framside
Eidsv. 7 4230 Sand
Telefon: 52 79 22 00
Redaktør: Mirela L. Moe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Referat frå møtet i KFU 21. januar 2021

Referat frå møta i KFU 21. januar og 16. februar 2021(*)(*) Det siste møtet var meir eit mellommøte der medlemmene tok ei intern drøfting av KFU si rolle på bakgrunn av vedtektene våre. På dette møtet deltok: Elin Sørestad (Vinjar) Judith Sørhus Litlehamar (Vinjar), Harald Bjerga Hagen (Jelsa), Maria Klungtveit (ungdomstrinnet), Bente Tednes Gjil (Erfjord), Alf Aadnøy (ungdomstrinnet) og Heidi Hjorteland Wigestrand (barnetrinnet Sand skule)Desse møtte ikkje: Bjartmar Kvæstad (barnetrinnet, Sand), Kjellaug Marie Vestbø (Erfjord), Lars Ove Fjetland (Marvik), Atle Tveita (Marvik), Helga Nessa (Jelsa), Olav Lindseth (Nesflaten), Anne-Ly Havrevoll (Nesflaten), Nina Øverland Vikeså (Vanvik)og Karl Johan Sande Heimark (Vanvik)

Desse var til stades på det heildigitale møtet 21. januar: Alf Aadnøy (leiar) , Maria Klungtveit (nestleiar), Judith Litlehamar Sørhus (Vinjar), Olav Lindseth (Nesflaten), Bente Tednes Gjil (Erfjord), Kjellaug Marie Vassbø (Erfjord), Helga Nessa (Jelsa), Harald Bjerga Hagen (Jelsa) og Heidi Hjorteland Wigestrand (Sand)

I møtet gjekk me gjennom svara oppvekstsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde hadde gitt på nokre spørsmål me hadde om symjeopplæring.Runden resulterte i at me ønsker å invitera henne til neste møte i april, slik at ho kan orientera oss om saker me lurer på. Kommunens planar ved eit ras som stenger ein skuleveg over lang tid er eit tema. Det kan og komma nokre oppfølgingspørsmål når det gjeld symjeopplæringa ved dei forskjellige skulane i kommunen.

Symjeopplæring  Elevar som ikkje oppnår kompetansemåla for symjing har rett på ekstraopplæring. Det kan vera lurt at kvar lokalt FAU tek opp med sin skule korleis dette tilbodet er bygd opp.Alle barn i Suldal har gått glipp av mykje svømming i perioden utan symjehall, men dette gjeld spesielt barn i grendene som berre får reisa på bading 14 gonger i løpet av to skuleår.Kva med å la barna få ekstra symjing no, for å ta igjen litt av det tapte? I perioden utan bading har dei vel fått ekstra mykje av andre fag, slik at om dei badar meir ein periode, vil dette gå opp i opp? Under debatten om symjeopplæringa blei det frå fleire i KFU hevda at symjeopplæringa er vel ulik mellom skulane i kommunen, sjølv om dei fleste har forståing for at det ikkje kan bli heilt likt. Det er uansett stor skilnad mellom å bade kvar veke, slik elevane på Sand skule får, og berre få bade 14 gonger på to år.Symjeopplegget er noko ein kan ta opp i kvar sitt FAU, blei det konkludert.

Det er også fornuftig at alle dei lokale FAU har møte like før KFU samlast, slik at me får ferske saker til behandling.

Sosiallærar på barneskulaneKFU ønsker framleis å halde ønsket om sosiallærar på barneskulane i grendene varmt. Dette er ikkje lovpålagt, men ein sosiallærar kunne vore ei viktig støtte for einingsleiarane på skulane.Etterverknadane av koronatida gjer dette ekstra aktuelt, då mykje tyder på at mange barn og unge treng ekstra støtte og oppfølging sosialt og psykososialt. Det er viktig å starta dette arbeidet medan dei er små, slik at ein slepp å driva brannsløkking når dei kjem på ungdomsskulen, blei det påpeika.Det blei vist til at Sand skule har sosiallærar på barnetrinnet, men dette er noko skulen sjølv har tatt seg råd til innafor eige budsjett. KFU ønsker primært at politikarane løyver ekstra pengar til sosiallærarar ved  skulane i kommunen.

Når det gjeld den halve stillinga som skal styrke nettbrettundervisninga ønsker KFU at det i søketeksten blir understreka at søkarane må ha god kunnskap og digitale løysingar på nynorsk.

YMSE:SMITTEVERNTILTAK:  KFU har fått innspel om at smitteverntiltaka på skulen blir stilt spørsmål ved. Er alle like logiske? Frå ein skule blir det meldt om at elevane ikkje får vera i lag med andre klassar i løpet av skuledagen, men på SFO er det lov. På bussen sit barna også i lag på tvers av klassar. Og dei kan vera i lag på fritidsaktivitetar om ettermiddagen?  Kvifor er det slik?

URO PÅ BUSS: FAU ønsker også å få vita meir om korleis skulane arbeider når elevar og foreldre melder frå om uro og mobbing på skulebussane. Me veit at lærarar eller andre tilsette har tatt bussen som observatørar enkelte gonger, medan eit foreldrepar på ein skule i Suldal nyleg fekk beskjed om at ein ikkje hadde høve til å la tilsette ta bussen for å observera miljøet på bussen.Neste møte blir tysdag 13 april kl. 1900

Heidi Hjorteland Wigestrand (skrivar) og Alf Aadnøy (leiar)