Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Førebyggjande tiltak for å unngå koronavirus. Alle arrangement er avlyst.

Vi informerer ut på schoollink, ldet kan vere lurt å følgje med der. Kleppe skule har ikkje/har ikkje hatt elevar med koronavirus, så det er trygt for alle elevar å kome på skulen. Vi har nokon som er i karantene, vi følger nøye kommunen og folkehelseinstituttet sine anbefalingar. Dersom det er tvil om karantene blir det karantene inntil vi har fått meir informasjon. Dette gjeld for både elevar og tilsette.

For å førebyggje smitte har vi skjerpa reinhaldet, vi lærar elevane gode handvaskrutinar og god hostehygiene, minner dei om at dei ikkje skal dele drikkeflaske og avlyser alle arrangement utfor skulen og alle arrangement på skulen for andre enn våre eigne elevar. Kantina er også avlyst inntil vidare. Samtalar, samarbeidsmøter etc med få deltakarar går som normalt. Sjølv om vi har skjerpa rutinane på hygiene og informerer elevane er vi opptekne av å tryggje elevane. Vi gjer dei alderstilpassa informasjon om kva korona er, at det ikkje er farleg for dei, men at vi må hjelpe kvarandre med å unngå smitte for at ikkje alle skal bli sjuke på ein gong og for at ikkje sjuke skal få smitten.De finn meir informasjon om korona her:

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

Og på kommunen si heimeside:

https://www.klepp.kommune.no/siste-nytt/koronaviruset/

Vennleg helsing

Sylvia Gjersdal

Rektor