Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulen er stengt fram til 26.april

Regjeringa har bestemt at skulane skal vere stengte til 26.april. Deretter blir det gradvis opning, dette fordi det skal vere trygt for alle når ein starter på skulen. 1.-4.trinn og SFO starter på skulen måndag 27.april. 5.-7.trinn må vente lenger før dei kan starte. Vi arbeider med å leggje ein plan slik at det skal vere trygt for alle når elevane starter opp, dette vil de få meir informasjon om etterkvart. Frå 15.april til 24.april blir det heimeskule for alle elevane, dette vil vere på same måte som før påske. De får planar og informasjon frå lærarane på trinnet. Omsorgstilbodet vil vere ope frå 14.april til 24.april på same måte som før påske. Første skuledag etter påske er altså onsdag 15.april, og det er heimeskule.

Vi held fram med opplæringa heime, mest fokus vil vere i basisfaga norsk og matte, i tillegg vil det bli fysisk aktivitet og praktiske oppgåver. Det vil få beskjed frå trinnet på same måte som før om opplegg vidare. Takk til elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette som alle imponerer og gjer ein god og viktig jobb for at denne perioden skal bli så grei som mogleg for alle.  

 

Omsorgstilbod

For dei som har samfunnskritiske jobbar, og ikkje har barnepass til elevane(gjeld fram til dei er 12 år), vil det bli eit omsorgstilbod her på skulen i SFO sine lokaler. Omsorgstilbodet gjeld og for dei elevane som har ekstra store omsorgsbehov eller er ekstra sårbare. Dette er ope frå 07.00 -16.30. Dei som kan bruke omsorgstilbodet er barn med foreldre som er nøkkelpersonar og treng barnepass. Beredskapsutvalget anser at følgende 15 funksjoner er kritiske for samfunnet: Styring og kriseledelse, Forsvar, Lov og orden, Helse og omsorg, Redningstjeneste, IKT-sikkerhet i sivil sektor, Natur og miljø, Forsyningssikkerhet, Vann og avløp, Finansielle tjenester, Kraftforsyning, Elektroniske kommunikasjonstjenester, Transport, Satellittbaserte tjenester og Apotekene. Tilbodet gjeld ikkje dersom ein omsorgsperson er i karantene, har fri eller har ein annan jobb enn dei nemnde. Dvs at det ikkje gjeld dersom kun ein av omsorgspersonane har ein slik jobb. Gje beskjed til avdelingsleiar Merete Vigesdal, merete.sofie.vigesdal@klepp.kommune.no dersom du har bruk for dette tilbodet. Det vil vere ope frå 07.00-16.30.

https://www.klepp.kommune.no/siste-nytt/stenging-av-skular-og-barnehagar/

Under les meir finn du liste over kva jobbar som er samfunnskritiske.

 

Alle møter og samtalar er utsett, de vil få beskjed når det kjem endring.

Schoollink vil vere der informasjonen kjem til føresette, i tillegg ligg informasjon på skulen si heimeside.

Ta vare på kvarandre, snakk saman, vask hender og gjer det best mogleg for dei rundt deg!

 

Sylvia Gjersdal

Rektor

 Liste over kritiske samfunnsfunksjoner

Styring og kriseledelse. 

Eks: beredskapspersoner offentlig og privat 

Forsvar. Eks: offiser

Lov og orden. Eks: Dommer, politi, påtalemyndighet

Helse og omsorg. Eks: helsearbeidere, omsorgsarbeidere, tannleger, sjukepleier, leger

Redningstjeneste. Eks: brann, ambulanse, luftambulanse, redningskorps

IKT-sikkerhet i sivil sektor Eks: ansatte i IKT-sikkerhet

Natur og miljø. Eks: miljøvernpersonell

Forsyningssikkerhet. Eks: matforsyning, drivstofforsyning

Vann og avløp. Eks: drikkevann, vannforsyning

Finansielle tjenester. Eks: betalingssystemer, bank

Kraftforsyning. Eks: forsyning av elektrisk energi,fjernvarme

Elektroniske kommunikasjonsnett og -tjenester. Eks: nødnett, elektroniske informasjonsstjenester, sikkerhet i elektronisk kommunikasjon

Transport. Eks: veitransport, luftfart, jernbane, maritim transport

Satelittbaserte tjenester. Eks: satellittjenester

Apotek