Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Råd til føresette og elevar - ta vare på kvarandre!

Me deltek i ein nasjonal dugnad for å kjempa mot koronaviruset. Skulane er stengde, og me skal unngå å få smitta sjølv - og me skal hindra at me fører smitta over til andre. 

- Unngå at barna samlast i grupper og hindre nærkontakt, eit eksempel på aktivitet som bør kuttast er fotball i ballbinge.

- Det bør ikkje samlast mange barn i samme heim, utanom dei som bur der. Råda for serveringsbransjen er per i dag at det skal leggjast opp til minimum 1 meter avstand mellom gjester, fhi.no seier at ein bør begrense leik mellom barn til færrast mogleg.

- Ha høgt fokus på hygiene som handvask og hosting/nysing.

- Tenk over korleis du handterar mat.

- Ikkje overlat barnepass til personar som er/kan vera i ei risikogruppe.

- Barneselskap, feiringar og liknande arrangement bør utsetjast.

- Bruk sunn fornuft, og vurder dei ulike situasjonane for å unngå smitte

Trykk på les meir for å sjå film og nyttige tips.

Sjå dette filmklippet (https://www.dagbladet.no/video/-barn-bor-ikke-leke-sammen/pnVPBXZt) som understreker kor viktig råda er. (Beklager eventuell reklame før innslaget).

Tenk alternativt. Gå turar. Spel kort og monopol. Les (tips Aftenposten Junior er no gratis ( https://www.aftenposten.no/kampanje/aftenpostenjunior/ ) Skriv dagbok eller blogg. Puslespel - 1000 brikker? Les ei bok. Sjå ein serie i lag. Tren - lag deg eit treningsprogram (tips: sats.no har gratis online trening).  er no gratis Snakk i lag. 
Sjekk ut råd frå helsenorge.no (https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide) ift å vera i lag, og korleis snakka med barn og unge om korona.

Alle må ta ansvar for ikkje å bli smitta - og for at du ikkje smittar andre.

Alle har me nokon i risikogruppa som denne dugnaden skal verna om.

Ta vare på kvarandre - utan å ta på kvarandre.
Gje omsorg utan klem, sjå kvarandre og snakk i lag.

Med venleg helsing 

Sylvia Gjersdal

Rektor