Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Velkommen til Klepp bibliotek!

 På biblioteket i Klepp (Rådhuset) er det ulike arrangement for vaksne og barn, sjekk ut programmet her: 

https://issuu.com/kleppbibliotek/docs/kopi_av_h_stprogram_2022_for_voksne

https://issuu.com/kleppbibliotek/docs/h_stprogram_2022_for_barn_og_unge_1_

Trykk på les meir for utfyllande informasjon. Der finn du og lenker til programmet dersom dei over ikkje virker.

Program vaksne

Arrangement for vaksne

Sjå haustprogrammet for vaksne med fleire arrangement som rettar seg mot foreldre i skolen. Me vonar å inspirera gjennom å formidla nyttig kunnskap.  

Eg vil trekka fram nokre av dei:

Økonomikveld med Forbrukerfrue Kjersti Grønseth tysdag 30. august kl. 19.30 
(NB! Merk tidspunkt) Kjersti Grønseth gir gode råd og tips til korleis du kan få eit større økonomisk handlingsrom i ei tid som er krevjande for mange. Kvelden blir arrangert i lag med Klepp frikyrkje og er sponsa av COOP Klepp.

Foreldrekvardag med Siw Bjørkås tysdag 13. september kl. 18
Billett kr. 100 Kan ein, berre ved å endra orda ein brukar, få ein betre foreldrekvardag? Korleis byggjer ein nærleik og samarbeidsvilje hos barnet?

Foreldrekveld med Leo Ajkic tysdag 11. oktober kl. 18
Billett kr. 250 
Samarbeid mellom Klepp næringsforening, Jærhagen, Klepp kommune og Klepp bibliotek. 

Digitale dingsar i skolen - foredrag og panelsamtale måndag 21. november kl. 18
Gaute Brochmann er arkitekt og tar utgangspunkt i eigne erfaringar som forelder. Han har skrive boka Digitale prøvekaniner. Panelsamtalen etter foredraget har lokale deltakarar. 

Program barn og unge

Arrangement for barn og unge
I haustprogrammet for barn og ungdom tilbyr me barneforestillingar og sy- og skaparverkstader. I haustferien er det verkstadaktivitetar måndag til fredag. (Eige program kjem seinare). 

Hent gjerne ditt trykte program på biblioteket eller på Norli, Jærhagen. 

Billettar, også gratisbillettar, får du på https://kleppbibliotek.ticketco.events/no/nb

Biblioteket er også ditt bibliotek
Kva er mogleg å gjera på biblioteket? Det er sjølvsagt opp til deg, men her kjem nokre døme: 
Meirope kl. 7-23 alle dagar
Klassebesøk om ettermiddagen/kvelden
Vennegrupper 
Tips om bruk av bok på foreldremøter
Barnebursdag?
Hobbyaktivitetar
Møterom for lag- og foreiningar

Ta kontakt: klepp.bibliotek@klepp.kommune.no