Publisert: 18. juni 2025 | Sist endra: 18. juni 2025 | Forfatter: Torstein Fjelde
SommarSFO
I sommar vil me på SFO vera mykje ute og litt på tur. Me kjem til å la barna som er på SFO få lov til å bada, så det er fint at badetøy, handkle og skifteklede blir teke med på SFO.
Dette gjeld for SFO både no i veke 25 og 26, og det same kan tas med når SFO opnar opp igjen 1. august.
Me kjem til å la barn leika med vatn sjølv om det er regn i lufta. Hugs å sende med barna klede som dei kan bruka i all slags vèr.
Fint om barna blir smurt med solkrem før dei kjem i SFO på dei solrike dagane, og at solkrem blir teken med slik at me kan smørja barna utover dagen. Hugs òg å sende med drikkeflaske.
På ferie-SFO ynskjer me at barn blir leverte eller kjem på SFO før kl 9. Skal barnet gå heim sjølv, ynskjer me at det skjer etter kl 14. Om barn skal heim før dette ynskjer me at dei blir henta.