Meny
Velg seksjon Framside
Besøksadresse Kleppelundvegen 17 4352 Kleppe Telefon: Rektor 51 42 98 97 Send e-post til oss
Klepp kulturskule Postadresse: Postboks 25 4358 KLEPPE
Redaktør: Jan Bekkum
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2019><<
november 2019
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Korleis søkje om plass??

VELKOMMEN TIL KLEPP KULTURSKULE.KORLEIS KAN EG SØKJE OM PLASS??

 Nytt frå hausten 2016 er at prisane i kulturskulen er gradert etter inntekt.

Vedtak i hovudutval for skule og barnehage er slik:

For kulturskulen blir det gjennomført slik endring i foreldrebetalinga:

Redusert foreldrebetaling p.g.a. låg inntekt vert gjennomført etter dette oppsettet:Inntekt må dokumenterast med likningsattest frå føregåande år.

Bruttoinntekt i husstanden under kr. 486.750 vert sett til 50% av full pris.Bruttoinntekt i husstanden under kr. 243.300 vert sett til 25% av full pris.

Søskenmoderasjon vert ikkje innført.

 

Søknadsfrist til hovudopptaket i Klepp kulturskule er 1. mai.

Søknadsskjema til kulturskulen finn du her under Lenker, eller på Klepp kommune sine heimesider, under fana Skule og barnehage.

Klepp kulturskule nyttar administrasjonsprogrammet Speedadmin.

Du kan gå direkte i søknadsskjemaet ved å gå til :https://NOKLEPP.speedadmin.dk/tilmelding

Plassar vert tildelt i slutten av juni, og du vil da få skriftleg melding om dette på mail. 

Da vil du og få tildelt tid, stad og lærar du skal ha.

Om du ikkje får plass vil du stå på venteliste, og vil kunne få plass dersom det vert ledig.

NB! Dersom du har søkt og ikkje fått plass i løpet av skuleåret, må du re-registrere søknaden din til kommande år!

Dersom du allereie har plass, må du nå re-registrere deg i Speedadmin.

Informasjon om dette vil du få tilsendt pr. mail, eller ved å kontakte kulturskulen.

Ein reknar plassen som oppteken til utmelding er motteke.

Dette kan du gjere i Speedadmin.Frist for utmelding frå kulturskulen er 1. des. og 1. mai.

Ved for sein utmelding, må det betalast full semesteravgift for neste semester. 

Klepp kulturskule fylgjer kommunal skulerute.