Klepp kulturskule ynskjer gjennom opplæring innan musikk og andre kulturfag å skapa levande kulturinteresse i kommunen.
Kvalitet i undervisninga skal stimulere eleven til fagleg dugleik, personleg utvikling og oppleving.
Eleven skal møta trygge og dyktige lærarar som stiller krav om øving, interesse og frammøte til timane.
Klepp kulturskule er ein skule der me ynskjer å læra elevane grunnleggjande teknikkar og forståing for faget, noko som gjer dei trygge på det dei kan, samstundes som ein søkjer å formidla inspirasjon og kjærleik til faget slik at dei er i stand til og har lyst til å fortsetja på eiga hand den dagen dei sluttar i kulturskulen.
Søknadsskjema til kulturskulen vil du finne på Klepp kommune sine heimesider, under fana Skule og barnehage,
eller under lenker på forsida side her.
Søknadsfrist til hausten er 1. mai.
Velkommen som søkjar, og velkommen som elev ved Klepp kulturskule!!