TILBOD I KLEPP KULTURSKULE 2019/2020
PRISAR:
Instrumentopplæring:1.730,-,- pr semester.
Gruppeopplæring:1.550,- pr. semester.
Instrumentleige og materialutgift kunstfag:355,- pr. semester.
Nytt frå hausten 2016:
Vedtak i hovudutval for skule og barnehage:
For kulturskulen blir det gjennomført slik endring i foreldrebetalinga:
Redusert foredrebetaling p.g.a. låg inntekt vert gjennomført etter dette oppsettet:
Inntekt må dokumenterast med likningsattest frå føregåande år.
Bruttoinntekt i husstanden under kr. 548.500 vert sett til 50% av full pris.
Bruttoinntekt i husstanden under kr. 274.250 vert sett til 25% av full pris.
Søskenmoderasjon vert ikkje innført.
INSTRUMENTOPPLÆRING:Frå 3. klasse. Undervisninga foregår individuelt/i smågrupper.
Pris: 1.730,- pr. semester.
Aktuelle instrument:
STRYKEINSTRUMENT:Fiolin, bratsj, cello.
TREBLÅSINSTRUMENT:Tverrfløyte, klarinett, saksofon.
MESSINGINSTRUMENT:Kornett/trompet, trombone, althorn, waldhorn, baryton, tuba.
TANGENTINSTRUMENT:Piano.
STRENGEINSTRUMENT:Gitar: akustisk, elektrisk, bass; harpe
SLAGVERK
TREKKSPEL
SANG,STEMMEBRUK OGSANGTEKNIKK MED VEKT PÅ BELL CANTO.
Klassisk opplæring med vekt på Bell Canto.
Elevane vil vera ein viktig del av stor operaproduksjon i samarbeid med Hå kulturskule og UiS.
GRUPPEOPPLÆRING:All undervisning er i grupper:
Semesterpris for alle gruppefag er 1.550,-.
KLASSISK BALLETT
Frå 1. klasse
Tilbod om opplæring i klassisk ballett.
Elevane vert sett saman i grupper etter alder og nivå.
DANS
Frå 3. klasse.
Brei danseopplæring med vekt på ulike stilartar.
Legg vekt på teknikk, rytme og koordinasjon.
DRAMA
Frå 4. klasse.
Hovudvekt på drama og teater, der ein vil få vera med å setje opp eit teaterstykke.
I tillegg vil du få trena på ulike teknikkar og øvingar av dramateknisk art.
KUNSTFAG
Frå 4. klasse.
Grunnleggjande innføring i teikning, måling, skulptur m.m.
Undervisninga er i 2 grupper.Nybegynnere og viderekomne.
Undervisningsstad: Klepp ungdomsskule.
Materiautgifter: 355,- pr. semester
Klepp kulturskule er ein skule der fokus på læring og meistring skal stimulere eleven til fagleg dugleik og oppleving.
All undervisning skal vera tilpassa eleven sine evner og ambisjonsnivå.
Kulturskulen krev at eleven møter til timane og gjer øving heime.
KORTE KURS
Kulturskulen kan aleine, eller saman med andre arrangera kortare kurs,
som t.d.sjongleringskurs, bandkurs, skapande skriving o.a.
Informasjon om desse kursa vil verta gitt på skulane.
Pris vert fastsett for kvart kurs.
KORPS
Me har 4 skulekorps i kommunen.
Bore, Kleppe, Orre og Tu.
Korpsa samarbeider med Klepp kulturskule.
Innmelding direkte til kvart korps.