Klepp kulturskule har inngått ny avtale med Jæren Sparebank om tildeling av 3 kulturskulestipend a kr. 10.000,-.
I tillegg til stipend får kvar vinnar eit diplom/kunstverk av kunstnaren Stine Rommetveit.
Stpendet vert gitt til tre elevar som er aktive i kulturskulen og har bustadadresse i Klepp kommune.
Søkjaren må være aktiv innan Musikk, Drama, Dans, Kunstfag eller Skapande skriving, eller vera medlem i eit av kommunen sine skulekorps.
Stipendet vert gitt til elevar i alderen fra og med 8. trinn på ungdomsskule til og med siste året på vidaregåande skule.
Søkjarar til stipendet må førebu ein audition, der ekstern fagjury vil vera til stades for å plukke ut tre vinnarar.
Søknadsskjema til stipendet finn du på heimesida (under Meny) til kulturskulen, og skal sendast rektor innan 15. mars 2020.