Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4352 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Kjetil Myklebust
Pålogging Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2018><<
april 2018
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Nye 8. trinn

Dette er info for deg som går på 7. trinn og skal byrje på Klepp ungdomsskule til hausten.

Iløpet av vinteren kjem det besøk frå oss til din barneskule. Der vil vi snakke litt om korleis det er å starte på ungdomsskulen. Vi vil også snakke litt om val av framandspråk/arbeidslivsfag og valfag.

Det vil vere to foreldremøte for nye 8.klassingar. For 2018 er datoane: Onsdag 14.mars kl 1900, og onsdag 13.juni kl 1900. På det siste foreldremøte blir klasselistene lest opp. Dei blir ikkje offentleggjorde før dette møtet. Alle elevane blir sett saman i nye klasser som blandar saman elevar frå alle 4 skulane (og evt andre tilflyttarar). Sålangt som råd kjem du i klasse med nokon du kjenner frå før. Det er viktig for oss å arbeide mykje med å skape eit godt klassemiljø uansett kva klasse du kjem i.

Framandspråk og arbeidslivsfag (2 timar i veka)

Du kan velje mellom fransk, tysk, spansk, fordjuping i engelsk og arbeidslivsfag.

Vi på Klepp u. er heldige som har lærarar for alle framandspråka tysk, spansk og fransk, og vi ønskjer å kunne tilby alle desse språka. Framandspråk i tillegg til engelsk er viktig for " å opne dører mot verda og framtida", men óg for at elevane skal få høve til å kunne velje breiare på vidaregåande skule. Vi har dei siste åra prøvd oss fram med små grupper i arbeidslivsfag. Dette faget har ein istadenfor eit framandspråk eller fordjuping i engelsk, og det skal gje praktisk innsikt i ulike yrkesretningar i vgs, samt gje erfaring med praktisk arbeid, elevbedrift eller utplassering i bedrift. Vi har sett maxtal på arbeidslivsfag til 15 elevar per trinn. Det er viktig at du samtaler med dei heime om kva som passar best for deg. Du må sette opp 3 val. Har du eit framandspråk som førsteval, vil du få tilbod om eit framandspråk.

Kva språk som er lurast å velje, er nok avhengig av kven du spør. Om ein spør næringslivet i Noreg (NHO) seier ei undersøking at dei fleste bedrifter ønskjer seg engelskkompetanse (40%), deretter er det tysk (14%) og så fransk og spansk (ca 4%). Det er klart at på verdsbasis er spansk det største språket, men for dei som skal finne arbeid i fiskeeksport vil fransk og spansk (eller italiensk) vere viktigare enn tysk. Forøvrig er kanskje andre store språk som russisk, polsk, kinesisk eller arabisk vel så viktige, men dei har vi (foreløpig) ikkje på Klepp ungdomsskule.

Når du skal velje, kan det kanskje vere greit å velje eit språk som nokon andre i heimen kan hjelpe deg med. Og så er det slik at høve til å bytte fag, gjeld kun fram til jul i 8.klasse, og deretter er dette eit fag som alle andre (vil ein bytte frå eit framandspråk må ein velje fordjuping i engelsk). Då er det lekser og arbeid som gjeld, slik som med alle skulefaga.

Valfag (1,5 timar i veka)

Vi har mange valfag på Klepp u. Dette varierer litt år imellom, fordi vi må ha lærarar som kan ta dei ulike faga.

Dei vi har no er:

8. trinn: Medier og informasjon, Fysisk aktivitet og helse, Design og redesign, Natur og friluftsliv, Forsking i praksis

9. trinn: Sal og scene, Fysisk aktivitet og helse, Design og redesign, Natur og friluftsliv, Teknologi i praksis, Trafikk

10. trinn: Sal og scene, Fysisk aktivitet og helse, Design og redesign, Natur og friluftsliv, Trafikk

Les meir om forskjellige valfag her: https://www.udir.no/valgfag

Valfag vel du for eitt år om gongen. Du får karakter i faget som alle andre fag, og om du har 3 forskjellige valfag på ungdomsskulen vil du også ha 3 karakterar på vitnemålet. Har du derimot det same faget to år, er det siste års karakter som kjem på vitnemålet.

Valfag er ein gong i veka, i ei 90-minutts økt. For 8. og 10. trinn ligg den på slutten av dagen, dette fordi det skal vere enklare å reise vekk evt avspassere. For 9. trinn ligg økta på starten av dagen. Dette trinnet har faget Mat og helse, og dette er alltid på slutten av dagen (ei klasse for kvar dag).