Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Samarbeid med Danmark - Nordplus

KleppU har sidan 2013 hatt samarbeid med Havbakke skole. Skulen er ein 1-10-skule og ligg i kommunen Mariagerfjord, mellom Ålborg og Randers på Jylland i Danmark.

Det har tidlegare vore kommunal kontakt mellom Mariagerfjord og Klepp, og Klepp ungdomsskule tok opp denne kontakten i 2013. I januar 2014 var ei gruppe elevar frå Danmark på besøk på KleppU, og det vart bestemt at vi skulle prøve å få til eit vidare samarbeid. Skuleåret 2014-2015 hadde vi klasseutvekslingar med støtte frå programmet Nordplus. For skuleåret 2018-2019 har vi igjen fått støtte frå Nordplus til klasseutveksling.

Vi har hatt lærarsamarbeid i 2015 og 2016. Vi utvekslar erfaring og kunnskap om tema klasseleiing, programmet Respekt og Cooperative learning. Vi har fått til eit godt samarbeid med Havbakkeskolen, og vil gjerne fortsette med dette. November 2016 besøkte heile personalet på KleppU Havbakkeskolen og Mariagerfjord kommune. Vi hadde stort utbytte av å sjå korleis dei brukar Cooperative learning (CL). Dette er metodar for å i større grad involvere alle elevane i læringsarbeidet, samt gode metodar for å variere undervisning og bryte opp teori-økter. Besøket var delvis støtta av Nordplus-programmet.

 

Andre internasjonaliseringsprosjekt: Hausten 2016 hadde vi besøk av ein lærar frå Østerrike. Ho heiter Birgit Christ og var her hos oss i to veker. Ho deltok naturleg nok i tysktimane på dei ulike trinna, men og på turar og ekskursjonar og i kroppsøving.

 

Forøvrig har vi på Klepp u. elevar med bakgrunn og familie frå mange land: Polen, Island, Syria, Etiopia. Desse er også eit viktig bidrag til å forstå ein internasjonal kvardag, og sjå rikdomen i å kjenne til fleire språk og kulturar.