Eksamensinfo 10. trinn
Her kjem informasjon om eksamensperioden 10. trinn våren 2019. Dette er det ein del alvor og reglar rundt - hugs at det er likt for heile landet. Men, vi håpar alle glér seg og er innstilt på å gjere sitt beste. Prøver er viktige, men livet er mykje meir enn prøver og karakterar.
Eksamen matematikk: Torsdag 16.mai, klasser 10B og 10C, på skulen
Eksamen norsk: Tysdag og onsdag 21.og 22.mai (førebuing 20.mai), klasse 10E, i kantina i Klepphallen
Eksamen engelsk: Fredag 24.mai, førebuing torsdag 23.mai. Klasser 10A og 10D, i kantina i Klepphallen
10A: ENG, lesedag heime torsdag 16.mai
10B: MAT, lesedag heime fredag 24.mai
10C: MAT, lesedag heime fredag 24.mai
10D: ENG, lesedag heime torsdag 16.mai
10E: NOR, lesedag heime torsdag 16. mai og fredag 24.mai
Ellers møter ein på skulen som normalt, også på førebuingsdag. Lesedag betyr i praksis heimedag. Dette fordi det er vanskeleg å ha tilbod til alle klassane når ein held eksamen, både pga plass og personell. Nokon har lesedag etter eksamen, og kan då bruke denne på å lese til munnleg eksamen i juni.
Reglar for eksamen
Oppmøte
eksamensdag kl 0830, seinast. Start eksamen kl 0900. Ved
sjukdom, ring skulen kl 0730, samt få legeerklæring (gjeld begge dagar på norsk)
Eksamenstid
5 timar!
Ein kan ikkje gå før kl 1000.
Førebuingsdag: Her må du også ha legeerklæring viss du ikkje kan møte.
Ein
møter på skulen alle dagar til vanleg tid, med mindre ein får annan beskjed!
Det er fusk å
-
kommunisere med andre under eksamen
- bruke oversettingsprogram på språk
- bruke hjelpemiddel på del1 på matte
Fusk og forsøk på fusk fører til
annullering av eksamen og at ein mister standpunkt i faget.
Ein kan ikkje bevege seg vekk frå plassen utan lov – kun ein elev
om gongen (lufting, toalett).
Chips og anna "bråkete" mat er ikkje lov. Mobil skal vere avslått i sekk. Sekk skal ligge framme i eksamenslokalet. Viss nokon har mobil på seg under eksamen, vil det
bli tatt som forsøk på fusk.
Ikkje låne noko frå andre. Når ein har levert, må ein sitte til ein får
beskjed om at alt er ok med innleveringa. Ein kan bli bortvist frå eksamen om ein ikkje følgjer reglar og instruksar eller forstyrrer andre.
Hugs at det er obligatorisk førebuingsdag i engelsk og norsk.
Fråvær under eksamen krev legeerklæring. Ring skulen så snart som mogeleg om eleven er sjuk eksamensdagen (mellom 07-0730).
Munnleg eksamen:
Melding om trekkfag: Tysdag 11.juni kl 0900
Eksamen: Torsdag 13. juni.
Avslutningsfest med utdeling av vitnemål: Torsdag 20.juni kl 18 i Kåsenhallen.