Fysak på sykkeltur til Vaulen
Publisert: 28.08.2017 10:40 Sist endret: aldri Forfatter: Skogly, Malene
Etter ein
vellukka tur til Vaulen med heile 9. trinn på fredag 25. august, satte fysak. gruppa
seg igjen på sykkelen med nasa mot Vaulen. Ein perfekt sykkeldag med lettskya
himmel, opphald og cirka 16-17 varmegrader. Heile den spreke gjengen hadde fått
med seg sykkelen til riktig dag, og nesten alle klarte å få med hjelmen og. Vi
brukte knappe 20 minutt langs, den etter kvart, godt kjende ruta. Med vinden i
ryggen gjekk det radig. Vi fekk til eit gruppebilde med heile gjengen på Vaulen,
men praten gjekk mest om å utnytte vinden i ryggen, tema Sky, og la Malene
gjere grovarbeidet i front. Likevel gjekk det litt treigare på heimvegen, då
vinden no var i mot oss. Nokre var og uheldige (og uoppmerksame) og fekk eit ugildt
møte med ei busk. Men vi kom heile tilbake, fekk dusja og er no klare for nok
ei skuleveke på Lurahammaren. Dette er ein herleg gjeng å trimme med, og eg må
sei det ikkje er så dumt å starte måndagar med fysisk aktivitet.