Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Tiltak som vert iverksett
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Time kommune tek grep for å spara straum

Time kommune gjer fleire tiltak for å senka energiforbruket.  

Grunna den nasjonale kraftsituasjonen og energikrisa i Europa, er det viktig at kommunen tek grep for å halde eige energiforbruk nede.  

Nokre av tiltaka er mellombelse, medan andre vil effektivisera energiforbruket til kommunen permanent. 
Informasjon til foreldre og andre føresette om senking av temperatur i skular og barnehagar i Time kommune

Eit av tiltaka er senking av temperaturen i kontorbygg, idrettshallar, skular og barnehagar.
Det vil verta individuelle tilpassingar, men jamt over vil temperaturen i klasserom og andre opphaldsrom senkast frå 22 til 20°C. I barnehagar vert det differensiert på rom for småbarn og eldre barn. Temperaturen skal ikkje ned på småbarnsavdelingar. Der det er praktisk mogleg vil temperaturen i gangareal bli redusert noko meir.
Sjølv om temperaturen vert redusert, skal den framleis vera i tråd med Helsedirektoratet sine anbefalingar for temperatur i opphaldsrom for skule og barnehagar. Anbefalinga er at temperaturen bør ligga på 20-24°C gradar om vinteren.
Barn er forskjellige og nokon frys lettare enn andre. For å sikra at ditt barn ikkje blir kaldt, anbefaler me å ha med ekstra klede på skulen/i barnehagen i tida framover, slik at barnet har moglegheita til å kle på seg ved behov.
Me minner også om at alle bør ha innesko/tøflar.
Me kjem til å snakka med elevane/barna om dette på skulen/i barnehagen, men det er flott om de også tek ein prat med eigne barn om viktigheita av å ha på seg nok klede for ikkje å frysa.
Arbeidet med å senka temperaturen i skular og barnehagar startar måndag 24. oktober.
Du kan lesa meir om andre tiltak som Time kommune gjer for å spara straum på kommunen si nettside:

Time kommune


Informasjon også i vedlegget i høgre marg: