I Time kommune vil vi at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar ved skulen har plikt til å følgja med på at elevane har det bra, og vi skal gripa inn om noko ikkje er greitt.
Skulen sine plikter følgjer av opplæringslova §9A. Du finn meir informasjon under den blå knappen merka «Jærskulen. Trygt og godt skulemiljø», eller på: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/
På heimesida vår finn du og ein raud knapp merka «Meld frå om mobbing». Her kan du melde frå direkte til rektor om ditt barn eller nokon andre ikkje har det greitt.
Når skulen får melding om krenking eller mobbing, skal vi starta arbeidet med saka innan ei veke. Om vi ikkje gjer det, eller du ikkje er nøgd med arbeidet som blir gjort, kan du kontakta fylkesmannen i Rogaland. https://www.fylkesmannen.no/nn/Rogaland/Barnehage-og-opplaring/Ein-trygg-skuledag-utan-mobbing/
De finn meir informasjon om fylkesmannen si rolle og elevane sine rettar i desse informasjonsvideoane:
https://www.youtube.com/watch?v=9ewPaNLozV8
https://www.youtube.com/watch?v=_jXiw6KFIi8&feature=youtu.be