17.483 kroner til årets Tv-aksjon!
Torsdag 6. oktober arrangerte Marvik skule aksjonskveld til støtte til årets Tv-aksjon.Inntektene frå denne aksjonen går som kjent til Røde Kors: "Samen får me hjelpen heilt fram".
Kvelden starta med programmet frå elevane. Deretter var det tradisjonelle aktiviteter rundt om på skulen: tipping, bowling, spikring, loddsal, sal av såpe og mykje meir. Stor aktivitet og stor trivsel for store og små.
Me er kjempestolte av å kunne senda inn 17.483 kroner til årets Tv-aksjon.
Takk til alle som hjalp oss med å få til dette!
Takk til hjelpsame foreldre som stillte opp med kaffi, saft, kaker og loddsal!
Takk til alle familiene som ga gaver!
Takk til dyktige lærarar og alle elevar som stillte opp i planleggingsfasen og med gjennomføring av aktiviteter!
Takk til alle som kom og gjorde dette til ein velukka kveld på alle måtar!
Helsing Anne