Dersom du ønskjer å jobba på ein liten skule der ein har god anledning til å sjå alle elevar, og verkeleg jobba med relasjonar - skal du søkja hos oss. Marvik skule er ein stolt fådelt skule. Me jobbar i aldersblanda grupper og legg difor opp til mykje tverrfagleg og kreativ undervisning. Me har blant anna eit eige filmrom som blir nytta jamt og trutt og til våren skal me etablera ein skulehage på uteområdet vårt.
Me som jobbar her trivst veldig godt i lag og saman med dei 20 unike elevane våre. Det er rett og slett mykje smil og latter hos oss, men også tid og rom til å vera menneske i lag.
Marvik skule ligg på Ropeidhalvøya i Suldal, ikkje langt frå Sauda og Vindafjord.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vita meir, kan du kontakta rektor Elisabeth Bjørkhaug på e-post: elisabeth.bjorkhaug@suldal.kommune.no eller tlf: 984 94 300. Du kan også søkje her:
https://suldal.easycruit.com/vacancy/2867741/200259?iso=nn