Skulen vår er liten, men styrken i relasjonane stor. Her opplev me å sjå kvarandre på tvers av alder og rollar. Det har ikkje så mykje å seie om ein er 7. klassing, 1. klassing, reinhaldar eller rektor. Me er alle med, alle på lag - alle trengs.
Blant anna har me ein fantastisk reinhaldar, Wenche - som me deler med barnehagen. Det betyr at me har eit levande "overgongspersonale". Når borna startar i barnehagen stablar dei seg av gårde hakk i hel på Wenche. Når dei kjem til skulen er det trygt og godt, for Wenche er her også. Ho ser og gir elevane positiv merksemd dagen lang. Humor har ho også, noko elevane veit. Til jul laga dei nisselue til å tre over toppen av moppen hennar, og før påske fekk ho ein "tutar" til vaskevogna. Wenche ler den gode latteren sin, og tutar når ho kjem med vogna til glede for store og små.