Meny
Velg gruppe Forside
Stiftelsen Montessoriskolen i Bergen Postboks 1420 Oasen 5844 Bergen Telefon: 55912790 / SFO: 47255160 Send oss e-post
Besøksadresse Torgny Segerstedts vei 27 5143 Fyllingsdalen
Redaktør: Marit Tombre
Send e-post
Administrasjonen
Gå til Its Learning
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skoleskyss

Skoleskyss info fra Hordaland Fylkeskommune:

Grunnskole Skyss organiserer og finansierer skoleskyss for elevar i grunnskolen. 

Funksjonshemming, skade, avhengig av båt, særleg farleg skoleveg:

   Elevar med dokumentert varig funksjonshemming eller mellombels skade har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstand.  Det same gjeld elevar som må nytte båt til/frå skolen, og elevar i grunnskolen med særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.

Avstand mellom heim og skule: Avstanden mellom heim og skole kan gje rett til fri skoleskyss. Avstand vert målt frå dør til dør langs kortaste "farande veg". Oppmålinga skjer på digitalt kart med Statens kartverk sin vegdatabase, som ein lik oppmålingsmetode for alle. Det vert ikkje teke omsyn til private avstandsmålingar med til dømes bil, målehjul eller GPS.

Følgjande avstandsgrenser gjeld: 1. klasse : 2 000 meter 2. - 10. klasse : 4 000 meter

Busstransport:

 Elevar med rett til fri skoleskyss som kan nytte buss vil få utdelt skolereisekort (busskort) på skolen.  Elevane må vere innstilt på gangavstand til busshaldeplass/hentestad.  Følgjande avstandsgrenser for "sideveg" gjeld: 1. klasse: 1 000 meter  2. - 10. klasse: 2 000 meter Gang-, reise- og ventetid. Elevane må i tillegg til gang- og reisetid pårekne venting på transportmiddel som følgje av rutetider, samordning med annan skuleskyss etc.

Særskild skyss: Elevar som ikkje kan nytte buss kan få godkjend særskild skyssordning.  Føresette kan mot førehandsgodkjenning transportere eigne barn mot kilometergodtgjersle. Det kan og bli sett opp drosje, til dømes for transport av funksjonshemma elevar. Skoleskyss med drosje er eit alternativ til offentleg transport, og blir ofte samordna med andre elevar. Det kan føre til ventetid og/eller ekstra reisetid for elevane. Elevane har rett på skyss i samband med skolen sine ordinære start- og sluttider. Det betyr at det ikkje vert sett opp ekstra skyss i samband med opphald i skulefritidsordning, sein starttid eller tidleg sluttid, med mindre det ikkje fører til meir kostnader for Hordaland fylkeskommune.

Ytterlegare informasjon kan ein få ved å kontakte dei skyssansvarlege ved skolane/skolekontora eller til Skyss.

http://www.hordaland.no/Hordaland-fylkeskommune/Samferdsel/Skoleskyss/