Meny
Velg trinn Framside
8. trinn
9. trinn
10. trinn
Hovedadresse Havnevegen 51 5918 Frekhaug Telefon: 56 17 14 00 Faks: 56 17 14 01 Send e-post til oss
Postadresse Postboks 79 5906 Frekhaug
Redaktør: Mikal Lussand, inspektør
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2021><<
april 2021
mtotfls
29303101020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829300102
03040506070809
Oppdatering om raudt nivå

Som eg kunngjorde i går i skrivet frå skulen, så kjem eg no med ei oppdatering for korleis Meland ungdomsskule vil gjennomføre raudt nivå. 

Vi har basert oss på erfaringar frå to dagar med alle elevane på skulen, i tillegg har eg vore i møte med elevrådet som har snakke med sine respektive klassar, og i møte med lærarane om korleis vi kan sikre undervisninga best mogleg i lys av dei smittevernsrutinane som ligg i raudt nivå.

Det viser seg vanskeleg å halde avstand med alle elevane på skulen, spesielt i friminutta, men og i høve til inn og ut av klasserommane. Så i lys av smittevernet vel vi å veksle mellom heimeskule og vanleg skule for 8. og 9. trinn. 10. trinn skal vere på skulen kvar dag, men blir delt i fire kohortar for å kunne halde avstand.

Når elevane er på skulen vil dei følgje normal timeplan, medan når dei er heime vil faglærar vere tilgjengeleg i dei timane dei normalt har. Lærar vil leggje ut infomasjon om kva som skal skje dei ulike dagane dei er heime på Canvas, så de må be dykkar born gå inn her når dei er heime. Det vil og komme informasjon og lekseplan på heimesida.

Oppsettet for skule vil være som følgjer:

Veke 1:

  Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
      10ab 10ab 10ab
      9ab 9c 9ab
      8a 8bc 8a

Veke 2:

  Måndag  Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
   10ab 10ab 10ab 10ab 10ab
  9c 9ab 9c 9ab 9c
  8bc 8a 8bc 8a 8bc

Vi oppmodar alle til å vere godt kledd no når det er kaldt ute. No når vi har raudt nivå på skulane, må elevane ha med seg bøker heim i fall det vil bli eit smitteutbrot på skulen, eller av andre grunnar som gjer at dei må vere heime over lengre tid.

For dei klassane som skal vere heime i morgon (9c, 8b og 8c), så vil opplegget som blir lagt ut på Canvas ta hensyn til at elevane ikkje har alle bøkene heime enno. Dei vil få moglegheit til å hente desse på torsdag.

Ved spørsmål, ta kontakt med kontaktlærar eller oss i leiinga ved skulen.