Meny
Velg seksjon Barnehagen
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Tysdag etter påskeferien, 2. april, er det planleggingsdag for barnehage, skule og SFO. Oppvekstsenteret er då stengt. 

Ønsker alle ein flott påskeferie!


Tysdag var det klart for årets barnehagedag. I år var temaet stedet vårt og i forkant av dagen har me snakka om kva type dyr som er å finne på Ombo. Etter ei gjennomgang av dei ulike dyra ville me gjere oss meir kjent med reven. Me fant ein del fakta i to ulike bøker, så fant me ein episode i Ut i naturen. Der fikk me sjå koleis ein kan lokke fram reven. Det var ein som dreiv me d revelokk og han hadde fleire fløyter med ulike dyrelyder som han brukte. To flotte rødrever fekk han lokka fram. Me fekk og sjå ekorn som samla seg mat til vinteren. Ut i naturen er eit fint dyreprogram som ligg på nrk tv. 

Kjekt at dykk foreldre hadde tid til ein kaffekopp på ettermiddagen.

Me har starta med førebuing til påske denne veka, me syng om lille hasse hare som har ei flue på sin panne, og etter tur får barna bestemme kor lille hasse hare har flua osv... Me syng og om en liten kylling i egget lå. 

Finmotoriske aktiviteter har vore i fokus denne veka når me har laga påskepynt, klippe etter strek, lime og plassere fjør og auger. Nokre flotte påskekyllinger er sendt heim og er heilt klar til påske. 

Neste veke skal me ha om kvifor me feirer påske, for det er ikkje bare for å ha påske egg med snop oppi :)   

 

Til info 

Dei ukentlege treffa saman med Fogn går ut foreløpig av ulike årsaker. Me kjem til å ha felles treff innimellom når det er felles turer eller aktiviteter vi skal være med på. Info til slike turer kjem ut når det nærmer seg. 

Torsdager blir det turdag i nærmiljøet her på Ombo.

 

Sjekk hyller for påfyll av skifteklær, strikk under dress og regntøy

Ønsker alle ei riktig god helg


For ei flott veke me har lagt bak oss, me har starta på vårmånaden og det har begynt å spire i mini drivhusa våre. 

Denne veka har me starta så smått å forberede oss til våren. Me har sådd ein del ulike frø, me fekk jord til å så i av Henry. Det var ein kjekk og lærerik aktivitet når me sådde. Først fant me nokre små plastbokser som kan nyttas som "mini" drivhus. Så fant me fram dei ulike frøa som me ville så,me kom fram til paprika, agurk, tomat, vannmelon og sommerblomster. Alle frøa våre har me samla sjølv frå dei ulike frukt og grønnsakene me har hatt. barna hjalt til me å fylle jord i tomme eggekartonger og plastboksar, før dei fekk så dei ulike frøa. Etterpå vatna me dei godt. nå står dei godt i vindauge og me vatnar dei kvar dag, og er veldig spente på om frøa våre vil spire etterkvart. 

Me har og lært oss litt fakta om vannmelon og tomat. Vannmelon er faktisk i slekt med agurken, eple og gresskar. Og om ein ikkje var klar over det så er tomat ein frukt siden den har fruktkjøtt rundt frøa sine. 

I samlingsstundene og ellers gjennom dagen synger me veldig mye, det går fortiden mye i "lille hasse hare" "hjulene på bussen" "alle barna klapper" alle barna klapper bruker me fast i overganger, som når me skal ha ryddetid, vaske hender, har måltider, skal gå ut, da endrer vi teksten slik at den passer til overgangen. f.eks alle barna rydder.. alle vaske hender osv. Dette ser me har ein god effekt og overgangene er roligere og det blir ikke så mye mas rundt det. 

Sjekk hyller for skiftetøy og om det evt trengs påfyll. 

Torsdag 7 mars skal me ha karneval i barnehagen, me reiser til Fogn med dei 4 eldste og har karneval saman på Fogn. Det blir karneval for dei yngste også, det er ingen krav om utkledning. Kom som du er og vil, me har utkledningstøy i barnehagen som kan brukast. Det blir ein kjekk dag både for store og små :)