Opedal skule sin visjon er "Trivsel og læring for alle". Visjonen vår
byggjer på fire kjerneverdiar som skal sikra at alle arbeider for trivsel og
læring.
Dei fire kjerneverdiane våre er:
"På Opedal skule har me eit positivt læringsmiljø"
"Me er på skulen for å læra"
"På Opedal skule skal alle oppleva å meistra kvar dag"
"På Opedal skule kjenner me til og nyttar nærmiljøet"
Kjerneverdiane våre skal dra alle i same retning og gje eit felles pedagogisk
grunnlag for læring ved skulen.Verdiane er utarbeida av elevar, tilsette og
foreldre ved skulen. Elevane arbeider med verdiane gjennom heile året. I
perioden august til november har me ekstra fokus på kjerneverdien som omhandlar
det positive læringsmiljøet. Frå desember til februar arbeider me mykje med
kjerneverdien som omhandlar læring. Frå februar og utover våren arbeider me
ekstra med verdien som omhandlar meistring og nærmiljøet. Klassane skal gjennom
dette arbeidet få ei forståing av kva verdiane betyr for klassen og den
einskilde. Vidare skal det og vera forpliktande for alle å retta seg etter
verdiane på skulen. 