Meny
Velg seksjon Framside
1.kl
2.kl
3.kl
4.kl
5.kl
6.kl
7.kl
Lofthus 5781 Lofthus
Telefon: 53 66 12 53 Faks: Telefon SFO: 90706212 Send e-post til oss
Redaktør: Helga Opedal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2019><<
juni 2019
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607
Det er 3 dokumenter i arkivet.
På gjensyn Molte!

Torsdag 09.05.19 fekk 4. - 6. klasse på Opedal skule delta på ei teaterframsyning laga og framført av dramagruppa til Ullensvang kulturskule. Det var stor stas!
Dei unge skodespelarane hadde skapa heile teaterstykket sjølve, og berre det er særs imponerande. Stykket handla om ei jente som skulle byrja på ungdomsskulen, og hadde ulike tankar kring det. Vidare fekk me sjå korleis jenta vart styrt av engelen Leila og djevelen Nils, som begge utfordra ho. Me vart så teke med inn i kroppen hennar, og fekk sjå litt korleis ståa var der for denne (stakkars) jenta. Eit interessant, artig og særs underhaldande teaterstykke! Takk for at me fekk koma og sjå! Under kan de sjå nokre bilete frå framsyninga. 
Main Image
Bilete 1 av 7