Meny
Velg seksjon Framside
1.kl
2.kl
3.kl
4.kl
5.kl
6.kl
7.kl
Lofthus 5781 Lofthus
Telefon: 53 66 12 53 Faks: Telefon SFO: 90706212 Send e-post til oss
Redaktør: Helga Opedal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2020><<
mars 2020
mtotfls
24252627282901
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Epleplukking i Opedal

Torsdag 29.08.19 var 6. klasse på besøk hos Olaf Bratland i Opedal. Der fekk me høyra om epledyrking og det å vera fruktbonde. Me fekk òg lov å smaka på og plukka eigne epler til vidare bruk på skulekjøkenet i mat og helse.

Elevane sa sjølve etter besøket at det dei hadde lært best var korleis ein plukkar epler rett. Det er nemleg ikkje berre å riva dei av treet, men vri forsiktig med fingrane lett rundt eple, og ikkje med fingerspissane. Elles fekk me høyra om eit omfattande arbeid med epler, som tynning, sprøyting og tynning igjen, for ikkje å snakka om den nøye plukkinga. Det høyrest jo kanskje ikkje så mykje ut, men når ein får høyra kor mange tre det er snakk om, og at ein i tillegg driv med andre frukter og bær, så vert det sanneleg mykje arbeid ja. Takk til Olaf, for god informasjon, og ikkje minst at me fekk koma og plukka epler. Under kan de sjå nokre bilete frå besøket i Opedal. 

 

Main Image
Bilete 1 av 6