Meny
Velg seksjon Framside
1.kl
2.kl
3.kl
4.kl
5.kl
6.kl
7.kl
Lofthus 5781 Lofthus
Telefon: 53 66 12 53 Faks: Telefon SFO: 90706212 Send e-post til oss
Redaktør: Helga Opedal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2020><<
mars 2020
mtotfls
24252627282901
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Forsøk i naturfag med fokus på lyd

Onsdag 04.12.19 hadde 6. klasse ei praktisk økt i naturfag kor me såg nærmare på kva lyd eigentleg er. 

I denne økta testa me teorien om at lyse lydar har høg frekvens (hyppige bølgjer per sekund) og at mørke lydar har låg frekvens (få bølgjer per sekund). Dette gjorde me ved å leggja sukker på ein kopp som var dekt på toppen med plast, og laga lyse/mørke lydar mot denne, og såg korleis sukkeret ved høge lydar "dansa" på plasten, og ved mørke lydar låg nærmast i ro. Ei feilkjelde var at nokre i staden for lys/mørk lyd heller laga mykje lyd (trykk), og då dansa sukkeret av plasten lett - uansett lys eller mørk lyd. 

Eit anna forsøk var med den kjende trådtelefonen, som me denne gongen testa ut i frå teorien me hadde lært om lyd. Blant anna var det artig å kunne kjenna korleis lyden vibrerte i tråden me hadde mellom "telefonane". Me prøvde òg å kopla fleire telefonar saman, og fann då ut at lyden ikkje vart fullt så bra då. Det var òg varierande kor godt dei fungerte når tråden vart klemt i ei dør og når tråden var slakk. 

Nokre bilete frå forsøket med trådtelefonane kan de sjå under. 

Main Image
Bilete 1 av 14