Meny
Velg seksjon Framside
1.kl
2.kl
3.kl
4.kl
5.kl
6.kl
7.kl
Lofthus 5781 Lofthus
Telefon: 53 66 12 53 Faks: Telefon SFO: 90706212 Send e-post til oss
Redaktør: Helga Opedal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2020><<
juni 2020
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Tur til KraftLaben i Odda!

Tysdag 11.02.20 tok 6. klasse turen til KraftLaben i Odda for å læra meir om energi, samt å utforska alt det som finst å sjå på og testa på KraftLaben i Odda. Det var absolutt mykje å læra og sjå på her i høve emnet energi, som me jobbar med i naturfag i 6. klasse no. 
Dagen starta med innlæring om energi, ved Signe Bondhus-Jensen. Ho fortalde elevane mykje, og viste dei òg denne kunnskapen gjennom ulike eksperiment. Det var både interessant og lærerikt. Elevane var flinke til å stilla spørsmål, og svara på spørsmål i denne økta. Seinare fekk elevane gå fritt rundt på KraftLaben og testa det som var av aktivitetar og oppgåver der. Me hadde òg eit lite "friminutt" utanfor KraftLaben denne dagen, der me fekk testa mentos i brusflaske. Det var kjekt! Under kan de sjå nokre bilete frå dagen vår på KraftLaben i Odda. 
Main Image
Bilete 1 av 18