Meny
Velg seksjon Framside
1.kl
2.kl
3.kl
4.kl
5.kl
6.kl
7.kl
Lofthus 5781 Lofthus
Telefon: 53 66 12 53 Faks: Telefon SFO: 90706212 Send e-post til oss
Redaktør: Helga Opedal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2020><<
juni 2020
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
SMARTcamp

Måndag 24.02.20 og tysdag 25.02.20 hadde 6. klasse SMARTcamp på skulen. Det er ein konkurranse der elevane vert delt inn i mindre lag, på 4-5 stykk, og konkurrerer i ei gitt oppgåve frå ein lokal bedrift (i år frå Næringshagen i Odda/Hardanger). Vinnargruppa får vidare reisa til Odda og vera med i kommunekåringa. 
Årets oppgåve var å finne ei miljøvenleg og energisparande løysing på korleis komande turistar i Hardanger skal reisa rundt. Dei fire gruppene kom alle opp med ulike løysingar. Ei gruppe laga hydrofoilbåt, ei anna naturbuss, så ein app for å reisa meir smart (samkøyring), og sist men ikkje minst ei undervassløysing med tog i tunnel nede i fjorden. Alle gruppene jobba fram sin ide med ein modell og ein munnleg presentasjon. I løpet av dei to dagana dei fekk til arbeidet kom alle gruppene i mål, og me hadde finalen siste timen på tysdagen. Dommarane lokalt på skulen denne gong var Helga (rektor), Bjørg (inspektør) og Hanna (naturfagslærar). Vinnarane vart gruppa som hadde forslag om å laga ein app, som skulle leggja opp til meir samkøyring i disktriktet. Me gratulerar vinnarane, og gler oss til kommunekåringa i Odda torsdag 5. mars. Under kan de sjå nokre bilete frå dagane våre med SMARTcamp. 
Main Image
Bilete 1 av 14