Meny
Velg seksjon Framside
1.kl
2.kl
3.kl
4.kl
5.kl
6.kl
7.kl
Lofthus 5781 Lofthus
Telefon: 53 66 12 53 Faks: Telefon SFO: 90706212 Send e-post til oss
Redaktør: Helga Opedal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2019><<
juni 2019
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
01020304050607
Det er 3 dokumenter i arkivet.

Skulen sine kjerneverdiar  

- På Opedal skule har me eit positivt læringsmiljø

- Me er på skulen for å læra

- På Opedal skule skal alle oppleva å meistra kvar dag

- På Opedal skule kjenner me til og nyttar nærmiljøet 

Onsdag 19.06.19 arrangerte elevane og dei tilsette på Opedal skule open dag. Då kunne alle som ville, både kjente og ukjente, koma til skulen og delta på den flotte (kul)turstien, med temaet I munkane sine fotspor, som me hadda laga til. Alle elevane vart sett til ulike oppgåver rundt om kring i bygda (Opedal) og på skuleplassen, med ulike innslag til dei besøkande. Det vart servert alt i frå skodespel, prøvesmaking av skvallderkålsmoothie og eplesaft, til lærerike innslag om fruktdykring, song, diktning, og målerier. Elevane har gjennom prosjektet vårt i forkant lært mykje om munkane, og delte gledeleg dette med dei besøkande denne dagen. Ein stor takk til alle som deltok på open dag på Opedal skule!  

Onsdag 19.juni vert det open dag frå klokka 11.00- 14.00. Frammøte kl. 11.00 på skuleplassen.

Alle foreldre, besteforeldre og bygdefolk som vil vera med oss denne dagen er velkomne.


Torsdag 13.06.19 tok alle elevane og dei vaksne på seg ryggsekk og gjekk på tur. Dei fleste i 1. - 4. klasse gjekk til Hovden denne dagen, men nokre i 3.- og 4. klasse, samt 5. - 7. klasse, gjekk heilt til Nosi. Me fekk ein fin turdag med variert vêr denne gongen. Fokuset på turdagen var å bli betre kjent med og nytta nærmiljøet vårt. 

Onsdag 12.06.19 markerte me skulane sin songdag. I forkant av denne dagen hadde elevane klassevis øvd på nokre av songane som skulle framførast på livesendinga frå Oslo denne dagen. Alle klassane samla seg i gymsalen etter mat, og der fekk me både sjå livesendinga og vera med på å synga til denne.