Meny
Velg seksjon Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Treng du nokon å snakke med?

Dette er ei spesiell tid. For mange kan det vere vanskeleg å vere vekke frå skulekameratar og lærarar i lang tid. Vi på skulen jobber for at alle elevar skal oppleve at vi vaksne er tilgjengelege kvar dag. 

Lise Samuelsen har oppretta snap for dei eldste elevane og ei showbiegruppe for dei yngste elevane. Snapbrukaren heiter lisepaasnap. Vi minner om 13 års aldersgrense for snap. Showbiekoden er GQ5F8. Eg har også oppmoda alle lærarane til å sende heim eige telefonnummer, slik at elevar kan ta kontakt viss dei treng det. 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Rektor: 97664533

Det er viktig at ein forsøker å ha ein så normal dag som mogleg, med faste rutinar. Stå opp til vanleg tid, spis til normale tider. Så er skulen sjølvsagt klar over at mange ikkje har anledning til å sitte i lag med barna sine å gjere skulearbeid. Nokre har heimekontor sjølve, og andre må ta barna med i gardsarbeid. Lærarane gjer det dei kan for å legge til rette for dette. Ha dialog med lærar og bli einige om innleveringsfrist eller anna tilpassing. Dei fleste lærarane har heimekontor, og mange av dei har sjølv unger dei må følge opp. Men i lag er eg sikker på at vi får til gode løysingar for alle. 

Skulen vil minne om å følge reglar for sosialt samvær: unngå kontakt med andre. Ikkje avtal leikegrupper, og ikkje gå på besøk. Ein kan avtale å møte nokre få (ein?) ute, men unngå leikeplassar og ballbinger. 

 

Med beste helsing Stine K. Kjellås