Meny
Velg seksjon Forside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Skogvegen 26 4353 KLEPP STASJON Vis på kart
Telefon: 51 78 55 00 Send oss e-post
Redaktør: Randi Harveland, 412 92 877
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Ny rektor på plass

1. desember tok Randi Harveland over som rektor på Orstad skule.

Tor Åge Risnes takkar for 5,5 gode år på Orstad skule

Ei siste oppdatering frå Tor Åge:

1. desember tok Randi over som rektor etter meg.

Eg har fått mulighet til å ta fatt på nye utfordringar som rektor på Øksnevad VGS, og har valgt å gå for det. Det er både spennande og vemodig.

Eg kjem til å sakna elevar og tilsette på Orstad - det er ein flott skule, med flotte elevar og dyktige tilsette!

I mine år på Orstad har eg heile tida opplevd at eleven står i fokus for det arbeidet som vert gjort på alle plan, og at dette viser igjen i klasseromma. Dette er eit resultat av dyktige og kompetente folk som jobbar i skule og SFO, med pedagogar og anna personell som utfyllar kvarandre og gjer kvarandre gode.

Sjølv er eg glad for at Randi tek over - som tidlegare lærar og avdelingsleiar på skulen har ho god kjennskap til både skule og bygd, og kan byggja vidare på det som er godt, og utfordra det som kan verte betre.

På Orstad har me og gode foreldre/føresette som dreg lasset ilag med skulen. Dette er det viktig at de held fram med - å dra lasset ilag. Me ser dessverre at samfunnsutviklinga går i retning av eit fokus på mitt, meg og mine - det vil ikkje vera berekraftig. Ein skule er eit økosystem som fungerer best med god samhandling mellom skule og heim, der elevane opplever tydelege rammer og gode rutiner gjennom heile døgeret.

Takk for meg - og lukke til vidare på vegen Orstad Skule!

 

Tor Åge Risnes

Avtroppa rektor