Meny
Velg seksjon Forside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Skogvegen 26 4353 KLEPP STASJON Vis på kart
Telefon: 51 78 55 00 Send oss e-post
Redaktør: Randi Harveland, 412 92 877
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Teiknekonkurranse «Den engasjerte eleven»

Har du lyst til å vise fram di kreative side og samtidig vere med på å illustrere kva det vil seie å vere "Den engasjerte eleven"? Då er denne teiknekonkurransen noko for deg!
Kva er "Den engasjerte eleven"? "Den engasjerte eleven" er ein viktig del av Kleppskulen sitt fokus på å inspirere og motivere dykk til aktiv deltaking og læring. Det handlar om å vere trygg, spørjande, ivrig og positiv i læringssituasjonen. Ein engasjert elev er også sosial, følgjer med i timane, respekterer medelevar og lærarar, og er villig til å hjelpe andre.

Korleis kan du illustrere "Den engasjerte eleven"? Du kan illustrere den engasjerte eleven ved å teikne ein person eller ein situasjon som viser nokre av dei kjenneteikna vi har beskrive. Kanskje teiknar du ein elev som lyttar ivrig til læraren, jobbar saman med andre i gruppearbeid, eller viser omsorg for ein klassekamerat som treng hjelp.

📆 Viktig informasjon:
Startdatoen til konkurransen: 2. april
Innleveringsfrist: 2. mai
Leveres inn i resepsjonen ved skulen din eller sendast på e-post til kontaktlærar ved elevrådet på skulen din
Vinnerkåring:Elevrådet ved skulen din er den første juryen og skal plukke ut 1,2, 3, 4 og 5.pris individuelt og i gruppe. Desse bidraga går vidare til den andre juryen som er ungdomsrådet. Frist for å sende bidraga vidare frå juryen til skulen er onsdag 22.mai. Kontaktlærar ved elevrådet sender bidraga til skulesjefen som overleverer desse til ungdomsrådet. Juryen vil annonsere vinnarane ved skulestart i august 2024.

Krietrier
Konkurransen er open for alle elevar i Kleppskulen
Utforming og fargebruk i forslaget er fritt, men illustrasjonen må kunna brukast i fargar og gråtonar. Det er lov å senda inn eige svart/hvit-versjon.
Skuleeigar har rett til å gjera små endringar  i illustrasjonen.
Vinnar beheld rettane til å bruka illustrasjonen i eigen portofolio 
Bidragsytar er ansvarleg for at innsendt bidrag ikkje er plagiat.


🏆 Bli med på moroa og vinn flotte premiar! La fantasien flyte fritt og bli med på teiknekonkurransen vår!

Ser fram til å sjå dei fantastiske bidraga dine!

Med vennleg helsing, Elevrådet 🎨