Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Olweus

Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial atferd

På Rosseland skule nyttar me Olweus-programmet i arbeidet med å sikra at elevane våre skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Programmet skal hjelpa oss med å arbeida systematisk med å førebyggja, oppdaga og stoppa mobbing. I 2017 blei det gjort endringar i opplæringsloven kapittel 9A om elevane sitt skulemiljø. Målet med dei nye reglane er å sikra eit meir effektivt regelverk mot mobbing og ei betre handtering av reglane. Olweusprogrammet har som mål å: 

  • Auka medvit og kunnskap om mobbing.
  • Engasjera vaksne på skulen og heime.
  • Skapa systematiske tiltak for å førebyggja og stoppa mobbing.
  • Støtta og effektivt verna om den som vert utsett for mobbing.
  • Innføra enkle og klare reglar mot mobbing.

Programmet gir oss ryddige prosedyrar som me nytter ved mistanke om mobbing, ved påvist mobbing eller når ein oppdagar at det vert brukt andre typar krenkande ord og handlingar. Olweus-programmet er eit verktøy som skal hjelpa skulen med å arbeida for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Opplæringslova slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Skulen har nulltoleranse mot krenkingar. På Rosseland skule  arbeider me systematisk på skulenivå, klassenivå og individnivå for å sikra at alle elevane skal få eit trygt og godt skulemiljø. Me er opptekne av at alle vaksne ved skulen vår skal vera varme og visa positiv interesse og engasjement for elevane våre.  Det kan vera mange grunner til at barnet ikkje trives på skulen. Mobbing og plaging kan vera ein av dei. Utdanningsdirektoratet har laga ein guide om kva for nokre rettar barnet  har og korleis de kan gå fram i kontakten med skulen. Det kan du lese meir om her.

Fylkesmannen har laga nokre korte informasjonsvideoar, og oppdatert nettsida si slik at det skal vere enkelt å finna informasjon og kontaktopplysningar. Informasjon frå Fylkesmannen   Eit trygt og godt skulemiljø