Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Potetfestivalsveke (veke 38)

Ei kjekk potetfestivalsveke på SFO. Cynthia har dekorert langbordet i basen, til stor glede for barna.

 Som vanlig hadde 1. trinn styrte aktiviteter. Kvar gruppa har vore på aktivitetsrom, lageaktivitet, leikerom og gym.

På lageaktivitet har barna laga fine potetrykksbilder (sjå bileter i bildedryss). 

Måndag: barna kosa seg med skjeva, uteleik fram til klokka 15.00. Etterpå kunne dei som ikkje skulle heim velja leikerom eller aktivitetsrom.

Tysdag: var det potetbåter med bacon og ost i kantina. Etter friskt luft kunne 3. - 4. trinn velja lageaktivitet. Ellers kunne ein velja perlerom, aktivitetsrom, ute, leikerom, dokkekrok eller lesekrok.

Onsdag: var det brødmat med forskjellige pålegg i kantina. Etter klokka 14.00 kunne 2. - 4. trinn velja gym, elles var det vanlige aktiviteter.

Torsdag: var det pølser og potetstappa i kantina. 2. - 4. trinn smøra på potetkaker til alle. Dei søte små blei glad for potetkakene. 2. trinn kunne velja lageaktivitet, elles kunne ein velja aktivitetsrom, leikerom, perlerom, ute, dokkekrok eller lesekrok.

Fredag: var det brødmat med forskjellige pålegg i kantina. Ekta haustver i dag så barna kosa seg inne. Guter i 2. - 4. trinn kunne velja gym, elles var det vanlige aktiviteter. Cynthia og Torunn fikk hjelp av 3. - 4. trinn til å laga heimelaga chips. Barna skar potene i tynne skiver mens Cynthia og Torunn steikte. Det blei god stemning og jillt for barna å laga chips. Alle fekk smaka heimelaga chips og vanlige chips. Alltid jillt med noko ekstra på SFO. 

God helg :) 

Main Image
Bilete 1 av 47