Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gledespatruljen 2018

Gledespatruljen på skulen er i gong med å planleggja ny runde med julebesøk.

Desse flotte elevane frå 7.trinn skal besøka menneske i nærmiljøet som av ulike årsaker kan ha glede av ei lita oppmuntring i kvardagen.

Har du tips til personar me kan gleda? Ikkje ver redd for å ta kontakt på messenger eller mail til: unni.einarsen@time.kommune.no.

Er det nokon som har lyst og anledning til å sponsa oss med ting me kan putta i julekorgene, er me svært takksame for alle gåver. Det kan vera heimelaga ting, snacks, gåvekort osv. ME ER KLAR!