Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om God helse-gruppe og måling av høgde og vekt

Me skal nå i gang med grupper for 3. klasse kor me skal snakka om fysisk aktivitet, kosthald, søvn, hygiene og trivsel. Både venner, trivsel, kosthald, søvn og fysisk aktivitet verkar inn på yteevna og helsa. Me startar med dei fyrste gruppene tysdag 5. februar.

Utgangspunkt for samtalegruppa er: Kva er helse og trivsel? Kva tenkjer du har god innverknad på helse og trivsel når det gjeld matvanar, bruk av fritid og tryggleik? Kva er viktig for at du skal kjenna deg trygg og nøgd med deg sjølv? Kva tenkjer du er skadeleg for helsa di? Kva kan me gjera for å unngå mobbing?  

Det er viktig at de vaksne er vare for korleis barna har det. Å kjenna at ein har venner, at ein meistrar oppgåver og kjenner seg verdfull, er grunnleggjande behov som de føresette først og fremst må fylla. Ta tid til å ha barnet på fanget kvar dag. Vis interesse for kva barnet har gjort og er oppteken av. Finn noko ved barnet som du kan kommentera positivt.

Etter gruppa vert det målt høgde og vekt av elevane. Vekt og høgdeutvikling gir ein peikepinn på barn og unge si utvikling og trivsel. For å sikre god oppfølging av den enkelte og for å følga med utviklinga i barne- og ungdomspopulasjonen, har Helsedirektoratet anbefalt rutinemessige målingar av høgde og vekt på gitte alderstrinn. For skulehelsetenesta inneber dette eit tilbod om målingar på 3. og 8. trinn.  

Etter målinga vert tala sett inn i eleven si vektstkurve for å samanlikne med tidlegare målingar. Målingane seier ikkje noko om kroppsbygning, muskelmasse eller feittprosent. Dersom det er store avvik vil helsesjukepleiar ta telefonkontakt med foreldre/føresette etter målinga. Det kan være viktig å snakke med foreldre/føresette for å få eit heilt bilete og vurdere vidare oppfølging. Måling av høgde og vekt er eit frivillig tilbod. Eleven må ha med seg ein skriftleg beskjed med foreldre/føresette si underskrift dersom ein ynskjer å reservere seg frå målingane.  

Ring gjerne dersom de  har spørsmål. Me er å treffe på tlf 51776387 (Rosseland skule), 51776233 (Bryne helsestasjon)

Bjørg Nina og Kathrin (helsesjukepleiarar)