Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Biblioteket

Det er stor aktivitet i skulebiblioteket. Me har trass alt det beste biblioteket på heile Rosseland! 
Skulen ynskjer å ha eit levande bibliotek med godt utval av litteratur i alle sjangrar. Leseglede og leselyst kan koma av så mangt. No vil Unni slå eit slag for det å lesa saman, høgtlesing. Alle som låner ei bok og leverer ein lapp til Unni, får vera med i trekninga av ein liten, tøff premie. På lappen må du skriva kva bok du har lese, kven som las høgt for deg eller kven du las høgt for. Til slutt ei kort setning om kva du synes om boka. Denne leseutfordringa varer fram til påske. GOD LESING!
Main Image
Bilete 1 av 5