Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Første dag på leirskule

Då nærmar første dag på leirskulen seg slutten. Me hadde ein fin tur opp med bussane, og var oppe ca hal 12.

Etter at alle hadde fått ordna seg på romma, møtte elevane i klasserommet for litt informasjon. Så gjekk turen ut på ski og skileik. Elevane blei delt i to grupper ut frå kor mykje dei hadde vore på ski før. Til middag hadde me lapskaus, noko som smaka godt og til dessert sjokolademousse.

Etterpå blei det arrangert rumpebrett konkurranse, der det til slutt stod 3 stk på pallen. Litt film sneik dei seg og til mellom slaga i ei flott nyoppussa fellesrom. 

Ein fantastisk dag, med sol og herleg vér. Me gler oss til i morgon.

Main Image
Bilete 1 av 11