Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Smartklokker

På Rosseland skule er det følgjande reglement som gjeld ved bruk av smartklokker i skuletida. 

I ordensreglementet for grunnskulane i Time kommune står det i § 8-8 blant anna at «kvar skule skal ha reglar for bruk av mobiltelefon, utstyr til mobiltelefon og anna elektronisk utstyr i skuletida».

Smartklokker blir stadig meir vanleg blant elevar. På Rosseland skule har me same haldning til smartklokker som til mobiltelefonar. Kommunikasjonshjelpemidler (til dømes mobiltelefon, smartklokker m.m.), skal oppbevarast i sekken og skal ikkje vera i bruk i  skuletida. Dette for å sikra uheldig bruk. Me anbefaler å la smartklokker bli liggjande heime. Om dei må vera med på skulen, skal dei liggje avskrudd i sekken i skule-og SFO tida. Føresette som treng kontakt med barna i løpet av skuledagen eller SFO-tida, må kontakte skulen eller SFO på eigne telefonnummer. Ta kontakt med leiinga eller SFO-leiinga om de har spørsmål til dette.