Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Veke 41 Haustferie

Måndag: Vi hadde gymaktivitet, laga sprellemann og hadde andre kjekke leikeaktivitetar. Sissel laga gode poteter med ost, bacon, mais og rømme til lunsj. 

Tysdag: I dag gjekk turen til Jærmuseet på Nærbø. Det var ein god gjeng som kosa seg med å laga eplesaft, laga nøkkelring, væra vetrinær for ein dag bygga hus osv. Alle hadde laga matpakke heimefrå som me kosa oss med til lunsj. 

Onsdag: I dag hadde me gymativitet, fargelegga på høstblader, laga sprellemann og spa der me fekk god fotbehandling og neglelakk for dei som ønsket det. Til lunsj fekk me pasta med pølse.

Torsdag: I dag var me så heldige å få gå på kino og der såg me "Den vesle vampyren", veldig kjekk og spennande film. Når me kom tilbake til skulen hadde Cynthia laga god pizza til oss. 

Fredag: Siste dag i haustferien blei brukt til å laga slim, bollebaking, ballong disco, gym og ellers andre leikeaktivitetar. Kvar dag har me selvfølgeligt og vært ute på skule området og lufta oss. Ei veldig kjekk haustferie veka har me hatt. Så da er me klar for ei ny veka på mandag og gleder oss til å treffa alle som har hatt haustferie. 

God helg :)

Main Image
Bilete 1 av 21