Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Veke 48

Då var enda ei veke gått, og dagane til jul blir mindre for kvar dag som går. Her på SFO har me hatt ei kjempe kjekk veke, med mange kjekke aktiviteter. Bare sjå her:)

Har eit lite glimt med frå fredag i veke 47 då det var fredagsklubb for 3-4 trinn. Det som foregår på fredagsklubben er det barna sjølv som har bestemt. Å sist fredag var det smakeleiken som stod på programmet. Mykje godt å smaka og noko som var litt mindre godt. Men kjekt var det i alle fall.

Måndag:  Dagen i dag var utedag så  maten blei servert ute. Etter utetida var det leikerom og aktivitetsrom som stod for tur.

Tirsdag: I dag blei det og servert mat ut av vinduet i god været. Etter utetida var det tid til lageaktivitet for 3-4 trinn. Ellers så kunne dei velga gym, leikerom, aktivitetsrom og uteleik.

Onsdag: Makaroni og fiskekaker stod på menyen i dag, det er alltid populært blant barna. Etterpå var tid til ein liten tur ut i frisk luft før det var inn å ha aktiviteter. I dag var det lageaktivitet for 1 trinn, dei laga seg ein kul nisse. Ellers så var det gym, perlerom, leikerom og aktivitetsrom å velga imellom. 

Torsdag: Brødskiver blei servert ut vinduet i dag også, godt med frisk luft. Når me kom inn var det lageaktivitet for 2 trinn, her er dei i full gang med å sy juletre.  Ellers så kunne dei velga gym, perlerom, aktivitetsrom og leikerom. Hadde og nokre gode hjelpere som var med til å pynta SFO basen til jul. 

Fredag: I dag stod film og pølsefest på planen, alltid lika populært. Pølser blei servert ut frå mat og helse vinduet, å det blir spist mange...;) I dag kunne dei velga mellom 2 filmer. Ein blei vist i aulaen og ein film blei vist i 1 trinn sitt klasserom. Ellers så var det mulighet til å væra på leikerom eller aktivitetsrommet.

Ha ei riktig god helg:)

Main Image
Bilete 1 av 19