Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Veke 49

Måndag:  Dagen i dag var utedag så  maten blei servert ute. Etter utetida var det leikerom og aktivitetsrom som stod for tur

Tirsdag: I dag blei det og servert mat ut av vinduet i god været. Etter utetida var det tid til lageaktivitet for 3-4 trinn der dei fortsatte på juletre i keramikk. Ellers så kunne dei velga gym, leikerom, aktivitetsrom og uteleik.

Onsdag: Brødmat i kantina idag. Etterpå var tid til ein liten tur ut i frisk luft før det var inn å ha aktiviteter. I dag var det pepperkakebaking for 1 trinn,og dei kjevla og stakk ut fleire brett med stjerner og nisser på mat & helserommet. Ellers så var det gym, perlerom, leikerom og aktivitetsrom å velga imellom.

Torsdag: Brødmat i kantina før det var duket for show og disco i aulaen. Nokre jenter frå 3 trinn har sydd flotte vesker i dongeri denne hausten, og idag fekk dei gå motehow og visa dei fram til resten av Sfo folket. Dei blei dulla med krøller og kreppet hår, og avslutta med ein dans som dei hadde øva inn. Etterpå fekk resten av gjengen entre dansegolvet, og dei som ikkje orka danse kunne være på aktivitetsrommet eller leikerommet.

Fredag: I dag var det båtpoteter med bacon, ost, rømme og mais på menyen. Alltid lika populært. Etter mat var det mulighet til å væra på leikerom, gymsalen, dukkekroken eller aktivitetsrommet.

Ha ei riktig god helg:)

Main Image
Bilete 1 av 16